Tilskotsordninga for privat helseteneste

Skriv ut Bokmål | English | 25. februar 2019

Alle verksemder og autorisert helsepersonell som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta, skal betale tilskot til NPE. Denne tilskotsordninga sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling i den private helsetenesta, får den erstatninga dei har krav på.

Tilskotsordninga dekkjer kostnadane til å utgreie erstatningssakene. I tillegg dekkjer ho utbetaling av erstatning til pasientar og pårørande.

Tilskot

Den som er ansvarleg for ei verksemd som sysselset autorisert helsepersonell som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta, skal betale tilskot til NPE.

Melde- og tilskotsplikta følgjer av pasientskadelova. Tilskotssatsane er sette i forskrift om verkeområdet for pasientskadelova og om tilskotsplikt for den som yter helsehjelp utanfor den offentlege helse- og omsorgstenesta.

Satsane blei endra med verknad frå 1. januar 2016, og blei gradvis trappa opp i 2017 og 2018. I 2018 kravde NPE inn tilskot for 99,5 millionar kroner.

Årsverk

For 2018 var 17 822 årsverk tilmelde i ordninga. Dette er ei auke på 334 årsverk frå 2017. Årsverka fordeler seg med 7946 tilmelde gjennom ulike kollektivavtalar med NPE, og 9876 tilmelde gjennom eiga verksemd. Årsverka er fordelte på seks kollektivavtalar og nesten 7800 verksemder.

Dei største helsepersonellgruppene i ordninga er apotekteknikarar, andre tannlegar (1) , tannhelsesekretærar, provisorfarmasøytar, fysioterapeutar, optikarar og reseptarfarmasøytar. Alle med over 1000 tilmelde årsverk.

Kollektivavtalar

NPE har inngått kollektivavtalar med Apotekforeningen, Synsinformasjon, Norsk Kiropraktorforening, Norsk Manuellterapeutforening, Norges Tannteknikerforbund og Fotterapeutforbundet. I tillegg har vi inngått ein avtale med Norges idrettsforbund.

Meininga med ein kollektivavtale er at foreininga samla oppfyller meldeplikta til medlemane. Dette gir tryggleik for medlemane, og ein enklare administrasjon av ordninga for NPE. Den økonomiske innsparinga i administrasjon kjem foreiningane og medlemane til gode gjennom ein rabatt på tilskota.

NPE arrangerer informasjonsmøte med kollektivavtalepartane kvart år. I møta går vi mellom anna gjennom statistikk over skadar, tilmelde årsverk og innbetalte tilskot. Vi ser òg på enkeltsaker som er nyttige i arbeidet foreininga gjer med skadeførebygging. Både NPE og foreiningane opplever at møta er nyttige.

Regresskrav ved manglande innbetaling av tilskot

Verksemdene er dekte av pasientskadeordninga når dei har meldt inn verksemda med rette opplysingar og betalt tilskot for alle åra dei har gitt behandling.

NPE kan gi erstatning for skadar som har skjedd i ein periode der verksemda ikkje var dekt av pasientskadeordninga. Verksemda får då krav om regress. Det inneber at dei må dekkje erstatningsutbetalingar og saksbehandlingskostnader.

Verksemder som ikkje har betalt tilskot, vil òg få krav om etterbetaling av tilskot for åra dei har vore tilskotspliktige. Pasienten vil i alle tilfelle vere dekt av pasientskadeordninga.

Når ei verksemd etterbetalar tilskot for tidlegare år, vil ho berre vere dekt for skadar som blir melde til NPE etter tidspunktet for etterbetaling. Er det allereie meldt ei pasientskadesak, vil vi krevje regress for denne saka, fordi verksemda då ikkje er dekt av ordninga på det tidspunktet skaden blei meld.

NPE fremja regresskrav i 15 saker i 2018, på ein samla sum på 889 000 kroner.

Informasjonsarbeid

Sjølv om det har vore meldeplikt sidan 2009, opplever vi framleis at helsepersonell ikkje har gjort seg kjende med meldeplikta. Å informere om tilskotsordninga er difor ei viktig oppgåve for NPE.

Ordninga er i stor grad basert på sjølvadministrasjon. NPE ynskjer at det skal vere enkelt å finne informasjon om ordninga, spesielt korleis ein vedlikeheld medlemskapet. Vi jobbar difor aktivt med å forbetre nettsidene våre.

Som eit ledd i informasjonsarbeidet, har vi òg kontakt med fleire profesjonsforeiningar og publiserer artiklar om meldeplikta i relevante tidsskrift. NPE har òg brukt Facebook for å spreie informasjon, og halde foredrag om tilskotsordninga hjå fleire utdanningsinstitusjonar.

Informasjonsaktivitetar i 2018:

  • Fysioterapikongressen: Vi deltok med stand der vi svarte på spørsmål om ordninga, og informerte om skadestatistikk.
  • Nordentalmessa: Vi deltok med stand der vi svarte på spørsmål om ordninga og informerte om skadestatistikk. I tillegg heldt vi eit eige innlegg om ordninga.
  • Vi heldt presentasjon for Tannlegenes praksiseierforening.
  • Vi heldt kurs for sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeutar, der vi mellom anna fortalde om ordninga og meldeplikta.
  • I regi av den juridiske avdelinga vår har vi halde to presentasjonar for dermatologistudentar ved Universitetet i Sørøst-Norge.
  • Facebook: Vi har køyrt målretta kampanjar om ordninga retta mot psykologar og legar.

Aktuar

Aktuaren er ein viktig samarbeidspartnar for NPE i arbeidet med å rekne ut framtidige forpliktingar i tilskotsordninga. Dette inkluderer òg analyse av behov for framtidig finansiering og fordeling mellom dei ulike helsepersonellgruppene.

Basert på grunnlag og tilrådingar frå aktuaren, har NPE i 2018 jobba med utrekningar og framskrivingar knytte til forpliktingar og kostnadsdekning i ordninga. Som eit resultat av dette, er NPE og Helse- og omsorgsdepartementet i dialog om vidare oppfølging av tilskotsordninga.

1.) Andre tannlegar består av allmenntannlegar, i tillegg til spesialistar innanfor endodonti, kjeve­ og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, periodonti og pedodonti. Føresetnaden er at desse tannlegane ikkje jobbar med implantat.