V. Vurdering av framtidsutsikter

Skriv ut Bokmål | English | 25. februar 2019

Vi vurderer evna vår til å nå dei måla som er fastsette, og levere forventa resultat på lenger sikt, i hovudsak som god. Samtidig vil nokre område kunne påverke resultata:

  • Sakstilgang: Om talet på saker som blir melde til oss aukar mykje, vil det kunne ha noko å seie for den samla saksbehandlingstida.
  • NPE som ein attraktiv arbeidsplass: Om vi ikkje klarar å vere ein attraktiv arbeidsplass, der vi tek vare på og utviklar kompetanse, kan vi få utfordringar med å behalde tilsette og møte framtidas arbeidstakarar.
  • Tenlege budsjett: Om budsjettsituasjonen blir mindre føreseieleg enn han har vore, vil det kunne få noko å seie for drifta og utviklinga av organisasjonen og tenestene til brukarane våre.
  • Tilstrekkeleg tilgang på sakkunnige: For å halde produksjonen oppe, er det viktig å ha god tilgang på sakkunnige innanfor alle medisinske spesialitetar. Blir tilgangen på relevante sakkunnige dårlegare, vil dette ha noko å seie for produksjonen vår.
  • Evna vår til å utvikle organisasjonen vidare: Vi opplever klare forventingar til effektivisering og utvikling av tenestene våre, mellom anna gjennom digitalisering. Om vi ikkje klarar å utvikle organisasjonen og tenestene, vil det påverke resultata og omdømmet vårt.
  • Konsernmodellen for administrative tenester: Om dei overførte oppgåvene ikkje har god kvalitet og framdrift, vil det påverke resultata våre. Flytting av oppgåvene gir høgare kostnader i ein overgangsfase.

Vi kan ikkje sjå andre større område som vil kunne hindre eller avgrense evna vi har til å løyse samfunnsoppdraget vårt på ein tilfredsstillande måte.

Når det gjeld korleis vi vil møte utfordringane framover, viser vi elles til informasjon om strategien for 2019 – 2023.