Sikker digital post

Skriv ut Bokmål | English | 30. august 2019

Du kan sende og ta imot digitale brev til oss gjennom Digipost eller e-Boks.

Har du ei sak hjå oss, tilrår vi at du brukar Mi side. På Mi side kan du følgje saka di og sende dokumentasjon og kommentere saka etter kvart. Der vil du òg kunne sjå kva du har sendt inn og enkelt få ei oversikt over alle dokumenta i saka di.

Har du digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks, vil du få breva frå oss der. Du kan òg bruke Mi side sjølv om du har digital postkasse.

Å sende brev til NPE i den digitale postkassen
Vil du skrive til oss i den digitale postkassen, finn du oss ved å taste inn "Norsk pasientskadeerstatning" i mottakarfeltet, når du opprettar nytt brev. NB! Du må ikkje bruke namnet til saksbehandlaren, då vil brevet gå til ei privat postkasse.

Om du ikkje har ei sak hjå oss, kan du sende ein generell førespurnad på digital post. Hugs i så fall å oppgi ei e-postadresse eller telefonnummer, slik at vi kan kontakte deg tilbake med svar. Vi kan diverre ikkje svare på førespurnader i sikker digital post om du ikkje har ei sak hjå oss.

Brukarar av e-Boks må registrere NPE som mottakar
Er du brukar av e-Boks må du vere merksam på at du må registrere NPE som godkjend avsendar i den digitale postkassen din, for å kunne ta imot brev frå oss. Dette gjer du via «Registrer avsender» funksjonen under "din oversikt" i e-Boks. 

Profesjonelle aktørar kan ikkje ta imot post frå oss i digital postkasse
Vi kan diverre ikkje ta imot post i digital postkasse frå profesjonelle aktørar som advokatar, Pasient-og brukarombod, Norsk pasientforening og behandlingsstader. Dei vil få vanleg post frå oss.

Vi jobbar med å vidareutvikle Mi side slik at òg profesjonelle aktørar kan bruke sida. Vi reknar med at ho blir tilgjengeleg fyrste kvartal i 2020.