Flytteprosjektet

Leigeavtalen NPE har i dagens lokale går ut i februar 2022. Tidleg i 2019 starta vi arbeidet med å finne nye eigna lokale som NPE skal vere i etter at noverande leigeavtale går ut.

Skriv ut Bokmål | English | 21. februar 2020

Som statleg etat må NPE ta omsyn til både statlege retningslinjer for skaffing av leigeforhold, og til føringar frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Det vil mellom anna seie at vi må innhente anbod frå forskjellige utleigarar. Lokala skal mellom anna ha:

  • arealeffektiv bruk
  • nøkterne leigekostnader
  • ein miljøvenleg profil
  • lokalisering i Oslo
  • god tilgang til kommunikasjonsknutepunkt

- For meg er det overordna målet at lokala skal vere godt eigna for verksemda. Dei skal vere moderne og funksjonelle, med gode kvalitetar og godt inneklima. Eg ynskjer òg at dei skal stimulere til eit godt arbeidsmiljø og samhandling på tvers av verksemda, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Kompetanse i prosjektet

Statsbygg er rådgjevaren vår i arbeidet. Dei bidreg med nødvendig eigedomsfagleg kompetanse, økonomiske og juridiske analysar, og er sentrale i arbeidet med å finne aktuelle leigeobjekt. Arkitektfirmaet Lerche hjelper til med å utforme gode løysingar for lokale og arbeidsplassar, og vi har sjølvsagt ein dialog med HOD om framdrift og innhald i prosjektet.

Løysing for opne, gode arbeidsplassar

For å få inspirasjon til å finne gode løysingar for dei framtidige lokala til NPE, har vi saman med Statsbygg og arkitektane besøkt tre andre verksemder som nyleg har gjennomført flytteprosjekt. Der har vi mellom anna sett korleis dei har laga funksjonelle arbeidsplassløysingar.

Det som kjenneteiknar alle tre er at dei har ein kombinasjon av det vi kan kalle aktive soner og stille soner, med god tilgang til møterom og samtalerom. Dei aktive sonene er område der tilsette kan ha møte, snakke med kvarandre og ta telefonar. Desse sonene er gjerne lokaliserte sentralt i ein etasje. Stille soner er område ein ikkje snakkar høgt og der ein kan sitje med oppgåver som krev konsentrasjon over lenger tid. Stille soner er ofte lokaliserte i ytterkanten av lokale/etasjar, for å sikre minst mogleg støy.

Involvering av medarbeidarar

Ei brukargruppe frå NPE har hjelpt til med å kartleggje dei behova og funksjonskrava vi har, når det gjeld utforming av arbeidsplassane. Medarbeidarar som representerer dei ulike fagmiljøa i NPE og hovudverneombodet har vore med i brukargruppa. Gruppa har gjennom hausten 2019 jobba tett saman med Statsbygg og arkitektane.

Hausten 2019 gjorde Statsbygg eit såkalla fyrstefasesøk på vegner av NPE. Det kom inn eit stort tal leigeobjekt, og etter to dagar med synfaringar hjå eit avgrensa tal stader, bestemde NPE seg for kva leigeobjekt vi ynskte å invitere til å kome med formelle tilbod. I høve dette blei det i samarbeid med Statsbygg og rådgjevande arkitektar utarbeidd ein detaljert kravspesifikasjon som tilbydarane må forhalde seg til. 

Frist for å kome med tilbod blei sett til 31. januar 2020. Siktemålet for NPE er å kunne inngå kontrakt om nye lokale før sommarferien i 2020. 

-Det kan verke lenge til 2022, men det er mange forhold som må vere på plass innan den tid. Eg er fornøgd med at vi er godt i gang med arbeidet og trygg på at vi vil finne eigna lokale som tek vare på dei behova vi har. Den store jobben med å tilpasse lokala, etter at vi har valt utleigar, ligg enno framfor oss, seier Jørstad.