Føreprosjekt automatisering

Strategisk hovudmål i ny strategi for 2019 – 2023 er at «Vi skal redusere saksbehandlingstida ved å forenkle måten vi jobbar på. For å oppnå det skal vi mellom anna ta i bruk gode digitale verktøy.» I NPE sin verksemdsplan for 2019 blei det vedteke å gjennomføre eit føreprosjekt.

Skriv ut Bokmål | English | 21. februar 2020

Mandatet til prosjektet var å kartleggje arbeidsprosessane våre, finne fram til moglege kandidatar for automatisering, og kome med tilråding til prosessar og saksområde som kunne automatiserast ved hjelp av digitale verktøy.

Gjennomføring

I føreprosjektgruppa sat personar med bakgrunn frå IT, saksbehandlingsmiljøet og administrasjonen, og avdelingsdirektørane for saksbehandling eig prosjektet.

I arbeidet med å finne moglege kandidatar har gruppa gjennomført fleire ulike workshops, brainstorming-seansar, prosjektmøte og ei rekkje verksemdsbesøk.

  • Vi besøkte offentlege og private verksemder som allereie er godt i gang med automatisering av arbeidsprosessane sine, og fått høyre om erfaringane deira med sjølve automatiseringa og arbeidet rundt dette. Vi blei engasjerte og motiverte etter kvart enkelt besøk.
  • Vi har i samarbeid med TietoEVRY dLab laga ei detaljert oversikt over saksbehandlingsprosessen i NPE, frå kvalifisering av sak til vedtak i ulike stadium. Oversikta delte òg inn saksprosessen i kontaktpunkt med erstatningssøkjar og «leverandørar». Denne oversikta har hjelpt til med å gi oss ei betre forståing av arbeidsprosessane våre, og bringa fram endå fleire nye idear til kandidatar for automatisering. 
  • Vi har lagt til rette for workshops der vi har fått sterke kandidatar opp på tavla, og kandidatane har deretter blitt tilpassa av gruppa i fleire omgangar. Dette har vore nødvendig for ei tydelegare definering og for å sikre felles forståing av kandidaten.

Vi har òg fått kurs om kunstig intelligens (AI), der vi fekk lære om korleis AI virkar, kva utmaningar AI kan løyse for oss - og kva AI ikkje kan løyse.

Vidare arbeid

Sluttrapporten blei overlevert og presentert for leiargruppa i slutten av januar 2020. Han blei godt motteken, og kandidatar frå rapporten er allereie vedtekne gjennomførte og tekne med i planane for 2020. NPE har òg halde fram samarbeidet med TietoEVRY. Vi skal saman utarbeide forslag til vidare automatisering med å ta i bruk ny teknologi. Arbeidet er allereie i gang.