Nasjonal tryggleiksmånad 2019

Nasjonal tryggleiksmånad er ein årleg kampanje for auka kunnskap om informasjonstryggleik. NPE hadde opplegg for fyrste gong i 2019.

Skriv ut Bokmål | English | 21. februar 2020

Målet med kampanjen er å leggje til rette for ein nasjonal dugnad med mål om ein tryggare digital kvardag, som bidreg til auka verdiskaping og velferd. Nasjonal tryggleiksmånad blir arrangert nasjonalt av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

NPE hadde opplegg for fyrste gong i 2019. IT-seksjonen stod for planlegging og gjennomføring.

Fagleg hadde vi nanolæring på e-post, innlegg på intranettet og føredrag ved tryggleikssjefen i Visma om då dei blei hacka. «Tenk før du klikkar» og «følg rutinar» kan vere ei kort oppsummering av kva vi hadde fokus på.

Sosialt hadde vi opning med stand og utdeling av bollar, og vi brukte to fellessamlingar til faglege innlegg om tryggleik og Kahoot basert på nanolæringa.

Alle fekk utdelt lommespegel med teksten «Åpne for å se sikkerhetsansvarlig».

Det har kome mange positive tilbakemeldingar på korleis tryggleiksmånaden blei gjennomført. Det blei lagt vekt på at både nanolæringa og føredraga var informative og motiverande. Det har blitt vedteke at NPE skal gjennomføre tryggleiksmånaden att i 2020.