Nordisk leiarsamling

I slutten av august kvart år møtest toppleiarane i alle dei nordiske pasientskadeordningane til tre dagar med kunnskapsdeling og gode diskusjonar. I år var det vi som var vertskap. Vi fekk vist fram Oslo i litt varierande ver, med fokus denne gongen på Bjørvika og Grünerløkka.

Skriv ut Bokmål | English | 21. februar 2020

I år var det 22 deltakarar totalt. For at kollegaene våre frå Finland og Island skal kunne delta best mogleg i møta, er møtespråket engelsk.

Mykje om digitalisering

I år var digitalisering eit stort og viktig tema på samlinga. Dette er naturlegvis eit tema som alle verksemdene er opptekne av. Kva kan vi automatisere og robotisere? Korleis går vi fram og finn dei gode utviklingsprosessane? Kva er praktisk mogleg å få til?

Vi hadde ei generell og inspirerande innleiing frå Tieto, som er eit nordisk IT-selskap og leverandør av saksbehandlingssystemet til NPE, og vi fekk høyre erfaringar frå LÖF i Sverige og Patienterstatningen i Danmark, som nok har kome lengst på dette området.

Svenskane sitt arbeid med digitalisering

LÖF poengterte at hovudmålsetjinga med å digitalisere og automatisere er å redusere saksbehandlingstida og halde ressursbruken i sakene nede. Men dei påpeika òg verdien av å auke brukartilfredsheita gjennom gode sjølvforsyningsløysingar.

LÖF har ei målsetjing om at 20 prosent av sakene skal behandlast gjennom ulike former av sjølvforsyningsløysingar og automatisering. Dei har byrja med tannsakene i eit oppstartprosjekt, for å vinne erfaring med kor mykje ein kan automatisere.

I LÖF ynskjer dei på sikt å utvide erfaringane frå tannsakprosjektet til større delar av saksbehandlingsverksemda. Dei har erfart at ein må lære og justere kursen undervegs i arbeidet.

Danskane sitt arbeid med digitalisering

Patienterstatningen er opptekne av at ein må få dei ulike systema til å snakke til kvarandre. Dei ynskjer å jobbe i retning av å hente inn grunninformasjon/grunndata, slik at det vil vere mogleg for ein robot å plukke opp viktig informasjon relevant for saksbehandlinga.

Dei har sett på kor dei kan byrje med automatisering, og har byrja med purrebreva. Desse kan sendast ut automatisk når Patienterstatningen ikkje har teke imot dokumentasjon innan ein gitt frist. Det sparar tid. Dei jobbar òg med ei automatisk fordeling av saker basert på kva ICD-kodar som er brukte i journalane til pasienten.

Andre utmaningar

Vi diskuterte òg utmaningar dei ulike landa har i saksbehandlinga, både med bruk av sakkunnige, talet innkomne saker, saksbehandlingstider og effektiviseringskrav. Denne gongen hadde vi særleg fokus på dei utmaningane avgrensingar i dei økonomiske rammevilkåra gir i arbeidet med til dømes effektivisering. 

Den finske Patientförsäkringscentralen understreka behovet for å prioritere hardt, fordi budsjett og tid ikkje tillet at dei kan gjere alt det dei skulle ynskje seg. For dei – i endå større grad enn kva som er tilfellet i Noreg, Sverige og Danmark – betyr det at ynskte utviklingsprosessar, til dømes knytte til digitalisering, må setjast på vent.

I Sverige er LÖF opptekne av kostnadene til dei sakkunnige, fordi dei aukar kvart år. Dei er tydelege på at den utviklinga ikkje kan halde fram, og ser på ymse tiltak (betalingsmodellar, kva saker som kan avgjerast utan sakkunnig, avtalane dei inngår) for å motverke ei vedvarande eskalering av utgiftene. 

Dei andre landa opplever ein sterkare vekst i talet søknader om erstatning enn NPE gjer. Det er framleis usikkert kvifor det er slik. Men det som er sikkert, er at auka tal nye saker understrekar behovet for å arbeide med automatisering, robotisering og vidare effektivisering.

Hyggeleg og sosialt

Som vanleg på ei samling som dette, har vi mykje godt og kollegialt samvær. Det å knyte nære og gode band har verdi i seg sjølv, og gjer det enklare for oss alle å ta kontakt dersom det er noko vi ynskjer bistand til eller å samarbeide om. Endå ein gong var det fint å sjå at vi framleis har mykje å lære av kvarandre, og det er godt å bruke nokre dagar med leiarar i verksemder som i botn og grunn driv med akkurat det same som vi gjer, og som i stor grad står overfor dei same utmaningane som vi gjer.