III. Årets aktivitetar og resultat
Frå tildelingsbrevet for 2019 frå Helse- og omsorgsdepartementet:
Hovudmål
- Rask og god saksavvikling skal ha høgaste prioritet i arbeidet til Norsk pasientskadeerstatning.
- Balansen mellom grundig arbeid og tidsbruk skal vurderast kontinuerleg.
Styringsparameter:
- 70 % av sakene der erstatningssøkjaren er tilkjend erstatning (medhaldssakene) skal vere ferdigbehandla innan det har gått 24 månader.
- Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for desse sakene skal ikkje overstige 22 månader.
- 85 % av sakene der erstatningssøkjaren ikkje blir tilkjend erstatning (avslagssakene) skal vere ferdigbehandla innan det har gått 12 månader.
- Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for desse sakene skal ikkje overstige åtte månader.
- NPE skal halvere talet saker som har vore under ansvarsutgreiing eller utrekning i meir enn to år.
Resultat: Sjå tabell med nøkkeltal.
Spesielle oppdrag i tildelingsbrevet for 2019
- NPE skal hjelpe departementet med å fastsetje nye tilskotssatsar for privat helseteneste.
Resultat: NPE har hjelpt til med bakgrunnsmateriale og vurderingar. Helse- og omsorgsdepartementet fastsette nye tilskotssatsar med verknad frå 1. januar 2020.
- NPE skal utarbeide utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet.
Resultat: Sjå omtale i eiga sak i årsrapporten.
Administrative prioriteringar/fellesføringar i tildelingsbrevet for 2019
- NPE skal arbeide systematisk for å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa, og utvikle rutinar og arbeidsformer i personalarbeidet med sikte på å nå måla for dugnaden.
I årsrapporten skal NPE gjere greie for korleis rekrutteringsarbeidet i etaten har vore innretta for å nå 5 %- målet og dei andre måla for inkluderingsdugnaden.
Resultat: Sjå omtale i eiga sak i årsrapporten.
- Offentlege oppdragsgjevarar har som innkjøparar av varer og tenester eit særskilt ansvar for å motverke arbeidslovskriminalitet. Norsk pasientskadeerstatning skal ved tildeling av oppdrag, og i oppfølging av inngåtte kontraktar, sikre at deira leverandørar følgjer lover og reglar. I årsrapporten skal NPE gjere greie for resultat frå oppfølging av inngåtte kontraktar og korleis innkjøpa i verksemda er innretta for å gjennomføre dette omsynet.
Resultat: Som eit ledd i konsernmodellen for administrative tenester i den sentrale helseforvaltinga, blei oppgåver knytte til innkjøp flytta til Norsk Helsenett (SF) 1. januar 2017. NPE påverkar gjennom innspel til kravspesifikasjonar i fellesavtalar mm. NPE har få verksemdsspesifikke innkjøp utover sakkunnigtenester.