IV. Styring og kontroll i verksemda
Instruks for verksemda i NPE
NPE har tre instruksar: «Instruks for Norsk pasientskadeerstatning», «Instruks for fond for pasientskadeordningen– offentlig helsetjeneste» og «Instruks for fond for pasientskadeordningen – privat helsetjeneste». Helse- og omsorgsdepartementet oppdaterte dei i 2019.
Løns- og rekneskapstenester
NPE brukar Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) som leverandør av løns- og rekneskapstenester etter ein fullservicemodell. DFØ er òg leverandør av rekneskapssystemet og fakturahandteringssystemet vårt.
Internkontroll og risikostyring
NPE har etablert eit system for internkontroll. Systemet omfattar rutinar, oppfølging, kontroll og avvikshandtering på viktige område i verksemda. Som ein del av dette har vi rutinar for risikovurdering og -oppfølging. Vi følgjer spesielt opp dei viktigaste måla i strategien og verksemdsplanane i tillegg til økonomiforvaltinga vår.
Vi rapporterer på prioriteringar, resultatmål, nøkkeltal og budsjett til Helse- og omsorgsdepartementet etter fastlagde rutinar og struktur. Direktøren delegerer budsjettmidlar internt i verksemda gjennom disponeringsskriv til budsjettansvarlege leiarar. Vi utarbeider oversikt over attestasjons- og budsjettdisponeringsmynde og har valt å stille krav om dobbel godkjenning for alle transaksjonar.
Personvern
NPE handterer ei stor mengd sensitive personopplysingar. Vi er opptekne av å handtere desse opplysingane på ein trygg og forsvarleg måte. Vi har eit internkontrollsystem for oppfølging av krav i personvernlovgivinga/General Data Protection Regulation (GDPR).Vi har ein eigen funksjon som personvernombud.
Helse, miljø og tryggleik (HMS)
NPE har eit internkontrollssystem for å følgje opp HMS-lovgivinga. Vi har arbeidsmiljøutval, verneombod og er knytt til bedriftshelseteneste. Vi har rutinar for å ta vare på tryggleiken for dei tilsette i dialogen med brukarane våre.
Miljøleiing
NPE er ei kontorverksemd som ikkje påverkar det ytre miljøet i særleg grad. Vi ynskjer å vere ei miljømedviten verksemd, og følgjer opp arbeidet med miljøleiing gjennom årlege gjennomgangar av status og prioriteringar i leiinga.