Leiaren har ordet

Skriv ut Bokmål | English | 24. februar 2020

I 2019 utbetalte vi 1074 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande etter feilbehandling. Dette er den største summen NPE har utbetalt i erstatningar i løpet av eitt år og ein auke frå 2018 på seks prosent. Saksbehandlingstidene gjekk monaleg ned i 2019, samtidig som NPE behandla fleire saker enn i noko anna enkeltår.

Reduksjon i saksbehandlingstidene

Eg er glad for at vi behandlar sakene vi tek imot raskare enn tidlegare. Vi har redusert saksbehandlingstida med ein månad i arbeidet med å fastslå om erstatningssøkjar har rett til erstatning eller ikkje, og med to månader i arbeidet med å fastsetje erstatninga.

Vi har jobba mykje for å redusere lange saksbehandlingstider, og det er positivt å sjå resultat av dette arbeidet. Vi skal sjølvsagt halde fram dette arbeidet i tida framover.

Lansering av ny strategi

2019 har vore det fyrste året med ny strategi. Den strategiske hovudmålsetjinga vår for perioden 2019 til og med 2023 er å redusere saksbehandlingstida gjennom å forenkle måten vi jobbar på. Dette inneber eit særskilt fokus på å bruke tida effektivt, bruke kompetansen vår innovativt og løysingsorientert, ha effektive og målretta avgjerdsprosessar og bruke gode digitale verktøy.

Vi er godt i gang med å jobbe opp mot desse strategiske satsingsområda. Den strategiske hovudmålsetjinga og fokuset på korleis oppnå henne er motiverande og utmanande i arbeidskvardagen.

Fokus på medarbeidartrivsel og kompetanseutvikling

For å sikre at vi til kvar tid har medarbeidarar med god fagkunnskap er kompetanseutvikling viktig for oss. Vi veit òg at kompetanse og kompetanseutvikling er viktige trivselsfaktorar for medarbeidarane. Difor har vi i 2019 hatt eit breitt fokus på opplæring og kompetanseoverføring. Vi har i endå større grad enn tidlegare jobba systematisk med opplæringa, og vi har mellom anna revidert opplæringsopplegget for nye medarbeidarar.

I 2019 gjennomførte vi ei medarbeidarundersøking og jobba vidare med resultata utover året. Heldigvis trivst medarbeidarane våre godt i NPE, samtidig som vi òg har betringspunkt som vi tek tak i.

Nye digitale tenester

I mai 2019 lanserte vi Mi side for alle brukarar med eiga sak. Vi gjekk frå rundt 150 testbrukarar hausten 2018 til nærare 2000 brukarar i løpet av 2019. Denne tenesta får vi heldigvis svært gode tilbakemeldingar på, og ho er ein viktig del av det pågåande arbeidet med å utvikle gode digitale tenester for brukarane våre. Utviklingsarbeidet går framleis føre seg, og i løpet av 2020 håpar vi òg å kunne tilby tenesta til alle erstatningssøkjarar med advokat eller annan fullmektig.

Vi lanserte òg ei teneste for helsepersonell utanfor den offentlege helsetenesta. Tenesta skal hjelpe dei med å få svar på om dei har meldeplikt til NPE, og om dei må betale tilskot. Denne sjølvforsyningsløysinga er viktig i arbeidet med å sikre at dei som har meldeplikt betalar tilskot til NPE.

Hausten 2019 lanserte vi ei chatløysing under kontakt-oss-sidene våre på npe.no. Chatløysinga bidreg til at brukarar kan nå oss på mange måtar og få svar på det dei lurer på.

Vi har òg jobba med eit føreprosjekt om automatisering og robotisering. Dette er eit spennande utviklingsområde for oss. Med dette prosjektet har vi kome i gang med å vurdere gode og effektive digitale løysingar for NPE.

Viktig arbeid med forskrifta om meinerstatning

I 2018 gav Helse- og omsorgsdepartementet NPE i oppdrag å lage eit utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Oppdraget blei levert våren 2019.

Eg er godt fornøgd med utkastet vi leverte på eit fagleg svært krevjande område. Arbeidet innebar eit godt samarbeid mellom det juridiske ekspertmiljøet vårt, erstatningsutrekningsmiljøet vårt og sakkunnige innanfor ulike medisinske fagområde. Vi etablerte òg ei referansegruppe med representantar frå ulike brukarorganisasjonar og advokatar.

Etter avslutta leveranse frå NPE har departementet sendt forskriftsforslaget på høyring, og mot slutten av året blei ein lovproposisjon lagd fram med forslag til nødvendige endringar i pasientskadelova.

Viktig arbeid med pasienttryggleik

Vi er opptekne av å formidle til helsetenesta at det er mykje å lære av sakene våre. Difor gjekk vi hausten 2019 ut med ein rapport der vi har undersøkt om sakene vi behandlar blir funne att i meldesystema på sjukehusa. Vi ba sjukehusa om å finne att saker i meldesystema sine der pasienten har fått erstatning som følgje av svikt i behandlinga. Sjukehusa gjekk gjennom meldesystema sine og fann berre ein tredjedel av desse NPE-sakene i systema sine.

Denne rapporten fekk stor merksemd både i pressa og i helsetenesta og førte til merksemd rundt kor viktig det er å melde saker der pasienten er påført ein skade. Eg synest det er positivt at bruk av erfaringsmaterialet vårt kan leie til den forma for merksemd, som så viser at NPE-sakene er ei viktig kjelde til læring i pasienttryggleiksarbeidet.

Vi planlegg å gjennomføre ei tilsvarande undersøking om 2-3 år, for å sjå om det har vore ei utvikling i samsvaret.

2019 – eit svært godt år

Eg er godt fornøgd med at vi i NPE behandla fleire saker i løpet av 2019 enn i noko anna enkeltår. Det er også svært positivt med redusert saksbehandlingstid, som er svært viktig for brukarane våre.

Kvaliteten på saksbehandlinga vår er god, med stabil låg omgjeringsrate i klageinstansen, og vi har arbeidd godt innanfor både digitalisering og generell effektivisering i verksemda.

Etter vurderinga mi har NPE difor løyst samfunnsoppdraget på ein god måte i 2019.

Vi har og skal ha eit høgt ambisjonsnivå for kva vi skal få til. Arbeidet med å forenkle måten vi jobbar på, effektivisere prosessane våre og jobbe vidare med gode digitale tenester vil difor stå i sentrum òg i året som kjem.