Historia til den norske pasientskadeordninga

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) blei oppretta i 1988, og fyller 30 år i 2018. I samband med jubileet har vi sett på statistikken gjennom dei 30 åra våre med pasientskadeerstatning, og presenterer her nokre milepålar frå oppstarten og fram til og med 2017.

Skriv ut Bokmål | English | 27. mai 2019

NPE blei oppretta som ei mellombels ordning i 1988, medan ein venta på at pasientskadelova skulle bli vedteken. Då var det meninga at NPE skulle eksistere mellombels i tre år. Fyrst i 1998 la regjeringa fram eit lovforslag, etterfølgt av ein tilleggsproposisjon i 1999, før pasientskadelova endeleg blei vedteken i 2001. I 2003 tok den nye pasientskadelova til å gjelde, men berre for offentleg helseteneste. Fram til då hadde ordninga blitt administrert av KLP forsikring.

Målet med ordninga

Ordninga blei oppretta for å behandle erstatningskrav frå pasientar som meinte dei var påførte skadar ved offentlege somatiske sjukehus i Noreg. Stadig fleire pasientgrupper har seinare blitt inkluderte i ordninga. Vi behandlar i dag erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter behandlingssvikt i både privat og offentleg helseteneste.

NPE som mellombels ordning 1988 – 2003

I 1988 tok NPE imot 231 saker, og vi utbetalte 62 348 kroner i erstatning.

I 1989 fekk vi i oppdrag å behandle legemiddelsaker på vegner av Legemiddelforsikrings-poolen, og vi tek imot dei to fyrste legemiddelsakene knytte til biverknader. Alt i 1989 utbetalte vi éin million kroner i erstatning.

1993 gir den fyrste serieskade-saka i NPE. Vi tek imot den fyrste «Boneloc»-saka, som handla om ein type bein-sement brukt i samband med hofteprotesekirurgi. Over dei neste åra blei det meldt inn totalt 390 saker knytte til dette. 84 prosent av sakene fekk medhald.

I 1996 arrangerte vi for fyrste gong kontaktmøtet med pasient- og brukaromboda i landet. Førre gongen vi arrangerte møtet var så seint som hausten 2017.

I 1999 betalar vi ut over éin milliard kroner i samla erstatning.

I 2001 blir pasientskadelova vedteken, og i 2002 blir nettsida vår, npe.no, lansert.

NPE blir eit statleg forvaltingsorgan

I 2003 trer den nye pasientskadelova i kraft. Og med ho blir all offentleg helseteneste inkludert i ordninga. Frå det same tidspunktet blei NPE formelt etablert som eit statleg forvaltingsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Då har NPE som ei treårig, mellombels ordning, rokke å feire 15-årsjubileum. Same året utbetalte vi 388 millionar kroner i erstatning – over 100 millionar meir enn året før.

I 2004 tek vi imot dei fyrste sakene om legemiddelet Vioxx, som blei trekt frå marknaden fordi det gav biverknader i form av auka risiko for hjerneslag og hjerteinfarkt. Vioxx var eit smertestillande og betennelsesdempande medikament, som fyrst og fremst blei brukt av pasientar med leddgikt eller slitasjegikt. Per 1. januar 2018 har vi behandla 277 saker om Vioxx.

Ved utgangen av 2007 runda vi tusen legemiddelskadar sidan vi tok imot den første saka i 1989. Dette året utbetalar vi for fyrste gong over ein halv milliard kroner i erstatning.

Same året som vi feira 20-årsjubileum – 2008 – samlar 400 deltakarar seg til Noregs fyrste nasjonale konferanse om pasienttryggleik på Rikshospitalet. Det var NPE som tok initiativ til å arrangere konferansen, ved å kalle inn sentrale aktørar i helsestellet til eit møte.

Privat helseteneste blir inkludert

2009 er året då privat helseteneste blir inkludert i pasientskadeordninga. I løpet av det fyrste året kom det inn 265 erstatningskrav knytte til privat behandling. Ved årsskiftet 2017/2018 hadde vi teke imot totalt 4490 saker. Dette året byrja vi òg med elektronisk overføring av journalopplysingar med nokre behandlingsstader. Årleg erstatningsutbetaling har auka til over 750 millionar kroner.

I nyare tid

NPE hadde frå starten både eige styre, og eit eige råd. Rådet blei lagt ned frå 1. januar 2009. Ei av årsakene var at rådet hadde ei uklar rolle, og at det hadde samanfallande oppgåver med styret i NPE.

I 2010 tek vi imot dei fyrste erstatningssakene som gjaldt svineinfluensavaksinen Pandemrix. Ved utgangen av 2017 har vi teke imot 734 saker knytte til vaksinen.

I 2014 betalar vi for fyrste gong ut over éin milliard kroner i erstatning i løpet av eitt år, som er den høgaste årlege erstatningssummen vi har utbetalt så langt.

Styret i NPE blei lagt ned i 2016. Bakgrunnen var at etatsstyringa var godt sikra gjennom dialogen mellom Helse- og omsorgsdepartementet og NPE.

Då 2017 var over hadde vi teke imot 88 512 erstatningssaker og utbetalt totalt 12,7 milliardar kroner i erstatning, sidan vi blei oppretta som mellombels ordning i 1988.