Strategiske mål

Her finn du NPE sin strategi for verksemda i perioden 2019-2023.

Skriv ut Bokmål | English | 13. februar 2019

Strategisk hovudmål

Vi skal redusere saksbehandlingstida ved å forenkle måten vi jobbar på.

Vi brukar tida effektivt

Dette gjer vi gjennom å:

  • prioritere arbeidsoppgåver og utviklingstiltak som gir verdi
  • effektivisere kvart ledd i saksbehandlinga av pasientskadar
  • effektivisere arbeidet i alle einingar
  • gi brukarane ansvar for å bidra meir i søknadsprosessen
  • skape ein open samarbeidskultur

Vi brukar kompetansen vår innovativt og løysingsorientert

Dette gjer vi gjennom å:

  • utvikle kompetansen og dele kunnskap på ein systematisk måte
  • skape ein kultur for å gi og ta imot tilbakemeldingar
  • ta leiarrolla, vere modige i endringsarbeid og leiing
  • aktivt få fram innovative tiltak
  • byggje kompetansen vi treng i framtida

Vi har effektive og målretta avgjerdsprosessar

Dette får vi gjennom å:

  • styrkje avgjerdsevna hos saksbehandlarane
  • delegere oppgåver og avgjerder
  • kommunisere avgjerder klart og tydeleg

Vi brukar gode digitale verktøy

Dette gjer vi gjennom å:

  • forenkle dagens løysingar
  • byggje digital kompetanse
  • ta i bruk nye digitale verktøy