Visjon og verdiar

NPE legg stor vekt på kvalitet og fagleg ekspertise. Vi ynskjer å tydeleggjere at vi i alle ledd av saksbehandlinga set pasienten i fokus.

Skriv ut Bokmål | English | 18. januar 2019

I arbeidet vårt  legg vi vekt på desse verdiane:

Omtenksam - Vi skal møte erstatningssøkjaren med openheit, forståing og respekt. Kontakten vår skal vere personleg og vi skal gi individuell hjelp og oppfølging. Vi skal vise tiltru til erstatningssøkjaren, slik at han eller ho opplever tryggleik og tillit.

Opplysande - Vi skal drive aktivt opplysingsarbeid om pasientskadeordninga. Verksemda vår skal vere synleg, lett tilgjengeleg og godt kjend. Vi skal ha god og konstruktiv kommunikasjon med erstatningssøkjarar, helsetenesta og andre aktørar.

Kvalitetsmedviten - Alle nivå i organisasjonen skal vere prega av openheit, kompetanse og effektivitet. Dette skal gi erstatningssøkjarane eit rett og raskt resultat.