Temaartiklar og faktaark

Her finn du temaartiklar og faktaark om pasientskadar innan utvalde medisinske tema. Vi har gått gjennom erstatningssaker som er ferdig behandla i NPE, og utarbeidd statistikk og eksempel som viser dei mest typiske skadane og kva som har gått gale.

Skriv ut Bokmål | English | 23. januar 2020

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/operasjoner-behandlinger-og-konsultasjoner/pht_10_aar_tannsaker_320-244549708.jpg

Ti år med privat helseteneste - tannbehandling

Frå 2009 fekk NPE ansvaret for å behandle erstatningskrav frå privat helseteneste. I løpet av åra 2009-2018 har NPE motteke totalt 5518 saker innan privat helseteneste, og det er saker knytte til tannbehandling som utgjer den største delen av saker.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/pasienter-helsepersonell/shutterstock_194586539_320.jpg

Fastlegeordninga – kvar sviktar det?

Gjennomgang av vedtak i Norsk pasientskadeerstatning (NPE) frå 2012 til 2016, viser at svikt i diagnostikk er oftast årsaka til medhald, og at det fyrst og fremst er kreftsjukdomar som er forseinka diagnostisert.

/globalassets/bildearkiv/publikasjoner/npe/feilleiring.jpg

Skadar etter feil liggjestilling ved operasjon

Kroniske smerter og uførleik kan bli resultatet av at pasienten er feil leira, det vil seie blir liggjande i ei uheldig stilling på operasjonsbordet.

/globalassets/bildearkiv/publikasjoner/npe/gjenglemte-saker.jpg

Attgløymt utstyr under operasjon

I perioden 2006 til 2015 har NPE behandla 121 saker som handlar om utstyr som er attgløymt i pasienten under operasjon. Av desse har 84 pasientar fått medhald og 37 avslag.

/globalassets/bildearkiv/publikasjoner/npe/tannlegesaker.jpg

Tannlegesaker

I løpet av femårsperioden 2009-2013, har NPE fatta vedtak i 683 tannlegesaker innan privat helseteneste.

/globalassets/bildearkiv/publikasjoner/npe/brystkreft.jpg

Brystkreft

Norsk pasientskadeerstatning (NPE ) har utbetalt 139 millionar kroner i erstatning til brystkreftramma frå 2001 til 2013. Dei fleste av desse pasientane har opplevd at symptom på brystkreft ikkje blei følgde opp på rett måte.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/pasienter-parorende/shutterstock_137528336_320.jpg

Psykisk helsevern

Gjennomgang av nesten 600 vedtak innan psykisk helsevern viser at dei fleste sakene handlar om biverknader eller feilmedisinering, forseinka eller feil diagnose, sjølvmord eller mangelfull behandling. Medhaldsdelen er høgast for sjølvmordssakene.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/pasienter-parorende/shutterstock_18661864_320.jpg

Kreft i fordøyingsorgan

Gjennomgang av 482 vedtak om diagnostikk og behandling av kreft i fordøyingsorgana, viser at dei fleste sakene handlar om kreft i endetarm eller tjukktarm. Halvparten av erstatningssøkjarane har fått medhald som følgje av svikt i diagnostiseringa.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/pasienter-parorende/shutterstock_126247208_320.jpg

Plastikkirurgi

Gjennomgang av 304 vedtak innan plastikkirurgi, viser at dei fleste sakene handlar om brystkirurgi eller mageplastikk. Dei fleste medhaldssakene er grunngjevne med svikt i behandlinga eller infeksjon. Brystreduserande kirurgi har høgast medhaldsdel.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/pasienter-helsepersonell/shutterstock_158366573_320.jpg

Primærhelsetjenesten

Gjennomgang av 1750 saker innen primærhelsetjenesten, viser at de fleste sakene gjelder fastlegeordningen. Medholdsandelen er relativt lav, med 25 prosent. De fleste medholdsvedtakene er begrunnet med svikt i diagnostikk.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/operasjoner-behandlinger-og-konsultasjoner/shutterstock_297132446_320.jpg

Anestesi

Gjennomgang av 660 anestesisaker, viser at flest saker handlar om narkose med eller utan intubasjon, medan medhaldsdelen er høgast for epiduralanestesi. Det er eit stort spenn i skadane, frå tap av tenner til svært alvorlege følgjer, som hjerneskade, lammingar og i verste fall dødsfall.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/operasjoner-behandlinger-og-konsultasjoner/shutterstock_132786668_320.jpg

ME/vaksine

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) formidlar her ein artikkel om handteringa av erstatningskrava etter vaksineforsøket mot meningokokk B-utløyst hjernehinnebetennelse. Artikkelen stod på trykk i Tidsskrift for erstatningrett nr. 1-2/2008.

/globalassets/bildearkiv/illustrasjon/pasienter-helsepersonell/shutterstock_169835603_320.jpg

Hepatitt C

Gjennomgang av 76 krav om erstatning i samband med hepatitt C-smitte ved blodoverføring, viser at halvparten av erstatningssøkjarane har fått medhald i erstatningskravet. Dei fleste avslaga skuldast forelding.