Brystkreft

Norsk pasientskadeerstatning (NPE ) har utbetalt 139 millionar kroner i erstatning til brystkreftramma frå 2001 til 2013. Dei fleste av desse pasientane har opplevd at symptom på brystkreft ikkje blei følgde opp på rett måte.

Skriv ut Bokmål | English | 24. januar 2020

I perioden har NPE behandla 604 saker som gjeld diagnostikk og behandling av brystkreft. 

På grunn av forseinka diagnose måtte fleire av pasientane gjennomgå meir behandling enn det som hadde vore nødvendig om diagnosen hadde blitt stilt i rett tid. Dette førte i mange tilfelle til fleire og meir alvorlege etterverknader av kreftbehandlinga, mellom anna stråleskadar og lymfødem.