Plastikkirurgi

Gjennomgang av 304 vedtak innan plastikkirurgi, viser at dei fleste sakene handlar om brystkirurgi eller mageplastikk. Dei fleste medhaldssakene er grunngjevne med svikt i behandlinga eller infeksjon. Brystreduserande kirurgi har høgast medhaldsdel.

Skriv ut Bokmål | English | 28. januar 2020

Innhald:

Bakgrunn
Behandlingstype, kjønn og alder
Medhald og avslag
Utbetalingar
Brystreduserande kirurgi
Mageplastikk
Rekonstruksjon av bryst
Behandling av brann- og etseskadar
Arrkorreksjonar
Hudtransplantasjonar
Nasekorreksjonar
Anna
Eksempel på medhald
Eksempel på avslag

Bakgrunn
Det må vere ei medisinsk grunngjeving for plastiske operasjonar som blir utførte i offentleg helseteeneste. Inngrep som blir gjort ved private sjukehus derimot, blir òg utførte av utelukkande kosmetiske årsaker.

Frå 01.01.2009 blei pasientskadelova utvida til òg å gjelde pasientskadar som følgje av behandling utført ved private behandlingsstader. Denne artikkelen baserer seg på statistikk om vedtak knytte til behandling innanfor offentleg helseteneste.

Behandlingstype, kjønn og alder
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har fatta 304 vedtak innanfor plastikkirurgi i perioden 1988 til og med 2009.

Oversikta nedanfor er ei gruppering av sakene etter kva type behandling pasientane fekk då skaden oppstod. Her ser vi prosentdelen kvar enkelt behandlingstype utgjer av det totale talet vedtak innanfor plastikkirurgi. Sakene er fordelte på sju kategoriar i tillegg til gruppa "anna", som er samansett av saker som er så pass ulike at dei ikkje kan danne eigne grupper. 

Tabell 1 Tal saker fordelt på type behandling

Behandlingstype Tal Prosent
Brystreduserande kirurgi 112 37 %
Mageplastikk 64 21 %
Rekonstruksjon av bryst 55 18 %
Behandling av brann- og etseskadar 16 5 %
Arrkorreksjonar 14 5 %
Hudtransplantasjonar 9 3 %
Nasekirurgi 9 3 %
Anna 25 8 %
Totalt 304 100 %

Det er totalt 264 kvinner og 40 menn mellom erstatningssøkjarane. Godt over halvparten av vedtaka innan plastikkirurgi gjeld brystoperasjonar. Kvinnedelen er opp i mot 70 prosent sjølv når vi held desse operasjonane utanfor. Òg totalt sett er det fleire kvinner enn menn som søkjer om pasientskadeerstatning. Kvinnedelen har dei siste åra vore nærare 60 prosent mellom erstatningssøkjarane som har fått vedtak om medhald eller avslag i NPE.

Gjennomsnittleg alder på skadetidspunktet er 39 år for pasientar som fekk utført plastikkirurgi. Den yngste pasienten var eitt år, den eldste 74 år. Til samanlikning var den generelle gjennomsnittsalderen då skaden skjedde 46 år for pasientar som fekk saka si avgjort i denne perioden.

Medhald og avslag
Delen medhald innanfor plastikkirurgi er 38 prosent. Dette er noko høgare enn den generelle medhaldsdelen i NPE som er på 35 prosent i same periode.

Tabell 2 medhald og avslag fordelt på behandlingstype

  Medhald Avslag  
Behandlingstype Tal Prosent Tal Prosent Totalt
Brystreduserande kirurgi 51 46 % 61 54 % 112
Mageplastikk 20 31 % 44 69 % 64
Rekonstruksjon av bryst 22 40 % 33 60 % 55
Behandling av brann- og etseskadar 8 50 % 8 50 %  16 
Arrkorreksjonar    5  36 %  64 %  14 
Hudtransplantasjonar  33 %  67 % 
Nasekirurgi 0 %  100 % 
Anna 28 %  18  72 %  25 
Totalt  116  38 %  188  62 %  304 

Svikt i behandlinga er årsak til medhald i 57 prosent av plastikkirurgisakene. Infeksjon er nest hyppigaste medhaldsårsak med ein del på 30 prosent. I følgje pasientskadelova har pasienten krav på erstatning når "skaden skyldes smitte eller infeksjon, når dette ikkje i hovedsak skyldes pasientens tilstand eller sykdom." Andre årsaker til medhald, med få saker kvar, er informasjonssvikt, svikt i pleie, svikt i diagnostikk, teknisk svikt og rimelegregelen. Sistnemnde er ein snever unnataksregel som berre blir brukt i tilfeller der skaden er særleg stor eller særleg uventa, og ikkje blir sett på som utslag av ein risiko ved behandlinga som pasienten må akseptere.

Svikt i behandlinga er hyppigaste årsak til medhald òg totalt sett med ein del på nærare 60 prosent av alle medhaldsvedtak fatta av NPE i perioden 1988 til 2009. Infeksjon derimot utgjer ein del på 15 prosent av medhaldsvedtaka sett under eitt. Dette er ein vesentleg mindre del enn innanfor plastikkirurgi.

I avslagssakene har 60 prosent av erstatningssøkjarane fått avslag fordi det ikkje ligg føre svikt i behandlinga. Det vil seie at behandlinga sannsynlegvis er årsak til skaden, men skaden er innanfor ein risiko ved behandlinga som pasienten må akseptere. Dette dreier seg om komplikasjonar som kan inntreffe relativt hyppig, og som det er kjent kan inntreffe sjølv ved korrekt behandling. Ikkje sannsynlig samanheng mellom behandlinga og skaden er grunngjevinga for avslag i 30 prosent av sakene. Dei andre årsakene til avslag er at det økonomiske tapet er under minstegrensa (blir ikkje dekt etter pasientskadelova) eller at smitten eller infeksjonen som oppstod i hovudsak skuldast tilstanden eller sjukdomen til pasienten.

Samanliknar vi fordelinga av årsaker til avslag innanfor plastikkirurgi med alle avslagsvedtaka fatta i perioden 1988 til 2009, finn vi at dei to hyppigaste årsakene til avslag har bytt plass; ikkje sannsynleg samanheng mellom behandlinga og skaden var hyppigaste årsak til avslag i alle sakene sett under eitt, med ein del på opp imot 60 prosent. Ikkje svikt i behandlinga utgjorde noko over 30 prosent.

Utbetalingar
Pasienten skal gjennom erstatninga få dekt inntektstap og utgifter som følgje av behandlingsskaden. Er skaden varig og pasienten har fått ein medisinsk invaliditet på over 15 prosent, har pasienten òg rett på meinerstatning.

I perioden 1988 til og med 2009 er det utbetalt totalt 21 millionar kroner i erstatning til pasientar som har fått medhald etter plastikkirurgiske inngrep. I sakene som er avslutta med utbetaling er det i gjennomsnitt utbetalt 199 000 kroner per sak.

Den høgaste utbetalinga mellom sakene som er ferdig utbetalt er på 1,3 millionar kroner. Saka gjaldt rekonstruksjon av bryst etter kreftbehandling. Pasienten fekk kroniske smerter som følgje av at operasjonsmetoden som blei vald var uheldig sidan huda var stråleskadd etter kreftbehandlinga. Lågaste utbetaling er på 6000 kroner.

Brystreduserande kirurgi
Denne behandlingstypen utgjer den største delen av vedtaka innanfor plastikkirurgi, med 37 prosent (112 saker). pasientane har fått redusert storleiken på brysta på bakgrunn av nakke- og ryggplager.

Dei 51 pasientane som fekk medhald etter brystreduksjonar hadde følgjande skadar:

  • Den hyppigaste skadetypen er lokal infeksjon med 32 registreringar. Ein del av desse pasientane utvikla vevsdød (nekrose) i ettertid. Komplikasjonane førte til forlengd sjukdomsforløp og reoperasjonar, og hos fleire dessutan eit dårleg kosmetisk resultat.
  • Den nest hyppigaste skadetypen, med ni registreringar, er lokal vevsskade og/eller vevsdød. ikkje fullgod operasjonsteknikk resulterte i at det utviklet seg vevsdød, eller brystet fekk ei avvikande form. Ei av pasientane blei før operasjonen ikkje informert om risikoen ved røyking i samband med kirurgiske inngrep, noko som bidrog til nedsett blodsirkulasjon og utvikling av vevsdød.
  • Dei andre skadane er feilplassering av brystvorter, fjerning av for mykje vev slik at brysta blei asymmetriske, ikkje korrekt utført sårrevisjon og trykkskade i armen som følgje av leiringa på operasjonsbordet.

Generelt sett vil pasientar som får infeksjon etter inngrepet få medhald. Dette heng saman med den særskilde lovregelen som regulerer smitte og infeksjonstilfelle. Fleire av desse pasientane utvikla vevsdød i etterkant av infeksjonen. Derimot vil pasientar som utvikla vevsdød etter operasjonen, og deretter infeksjon, normalt få avslag. Dette fordi vevsdød blir sett på som ein kjend medisinsk komplikasjon som, om behandlinga er korrekt, ligg innanfor den risikoen ved behandlinga som pasienten må akseptere. Oppstår vevsdød som følgje av svikt ved behandlinga, til dømes på grunn av ikkje fullgod operasjonsteknikk, gir vi likevel medhald.

Mageplastikk
Ein del på 21 prosent (64 saker) av dei plastikkirurgiske inngrepa dreier seg om kirurgisk fjerning av magefeitt (feittforkle) eller laus hud på magen. Mange av inngrepa blei gjort etter stort vekttap. I nokre tilfelle blei det òg utført feittsuging i same inngrep.

Dei 20 medhaldssakene dreier seg om følgjande pasientskadar:

  • Skadetypen med flest registreringar er lokal infeksjon med ti saker. I eitt av tilfella skuldast infeksjonen ein attgløymd kompress. Ein pasient som røykte hadde ikkje blitt informert om at ho burde slutte å røykje før inngrepet, da røyking fører til auka risiko for infeksjon. I eit anna tilfelle sette sjukehuset for seint i gang med behandling av blødingar og blodopphoping i operasjonssåret.
  • Lokal vevsskade og utvikling av vevsdød (nekrose) er registrert hos fem av pasientane. Tre av desse fekk medhald fordi valet av operasjonsmetode førte til eit dårleg kosmetisk resultat. Fjerning av for mykje underhudsfeitt bidrog i eit anna tilfelle til dårlegare blodgjennomstrøyming og vevsdød på grunn av oksygenmangel. I eit anna tilfelle hadde pasienten ikkje fått førebyggjande antibiotikabehandling, noko som kunne ha hindra infeksjon etter at det oppstod vevsdød. Pasienten hadde heller ikkje fått relevant informasjon om risiko ved inngrepet.
  • Dei andre fem tilfella gjeld manglande førebyggjande medisinering mot blodpropp, komplikasjonar på grunn av ikkje utført kateterisering, kroniske smerter, øydelagde lymfebaner og sårproblem og stramt arr fordi inngrepet blei for omfattande.

Rekonstruksjon av bryst
I 18 prosent (55 saker) av vedtaka innanfor plastikkirurgi er det utført rekonstruksjon av bryst. Dei aller fleste inngrepa blei gjort fordi pasientane hadde gjennomgått kreftoperasjonar. Nokre få av operasjonane blei gjort på grunn av andre forhold, som svært små eller asymmetriske bryst. Ein mann fekk sett inn brystprotese på grunn av innsokken brystvegg (traktbryst).
Rekonstruksjon av bryst blir gjort anten ved innlegging av silikon-/saltvannsprotesar eller ved at ein brukar pasienten sitt eige vev.

Det blei gitt medhald til 22 pasientar etter rekonstruksjon av bryst:

  • Lokal infeksjon er den vanlegaste skadetypen med sju tilfelle. Følgjene for pasientane var forseinka sårgroe, smerter og skjemmande arr. I to av tilfella skuldast infeksjonen attgløymde kompressar.
  • Lokal vevsskade er den nest største skadetypen med fem førekomstar. I eitt av inngrepa blei det ved eit uhell stukke hol på lungehinna med ei anestesinål. Hos ein annan pasient måtte ein reoperere på grunn av lekkasje frå brystprotesen. Vidare blei det gitt påfyll av protesen til ein pasient til tross for at det var påvist vevsdød i brystet. Ein pasient blei ikkje informert om at stinga skulle fjernast, noko som førte til langvarig sårtilheling. Ein annan pasient blei påført vevsskade av eit unødvendig inngrep.
  • Tre av pasientane er registrert med kroniske smerter etter operasjonen. I to av inngrepa burde ein ha vald ein annan rekonstruksjonsmetode. Ei av desse to hadde heller ikkje fått fullstendig informasjon om dei alternative operasjonsmetodane. I den tredje saka er det tvil om det var forsvarleg grunnlag for operasjonen på grunn av helseproblema til pasienten. Denne tvilen førte til at det blei konkludert med behandlingssvikt i dette tilfellet.
  • Dei andre pasientskadane gjeld ymse forhold som nerveskade i leggen fordi ein gløymde å rulle tilbake ei kompresjonsstrømpe, medan ein annan fekk nerveskade i halsregionen fordi sjukehuset ikkje avlasta trykket på armane under operasjonen. Ein pasient blei smitta med hepatitt C gjennom blodoverføring. I eit anna tilfelle førte feil val av operasjonsmetode til vevsdød og eit ikkje fullgodt proteseval, som så førte til at pasienten måtte reopererast.

Behandling av brann- og etseskadar
Ein del på fem prosent (16 saker) av plastikkirurgisakene dreier seg om behandling av følgjeskadar etter brann, etsing og strålebehandling. Sakene gjeld rekonstruktiv behandling og ikkje akuttbehandling.

Åtte pasientar fekk medhald i kravet om erstatning etter denne typen behandling:

  • Infeksjon er registrert som skadetype i fire av sakene. Tre pasientar blei påførte infeksjon av sjølve operasjonen. Hos den fjerde førte mangelfull oppfølging til infeksjon, då han ikkje fekk utført sårskift før fire veker etter donasjon av hud frå låret.
  • Feil innstilling av hudhøvel og apparatfeil under hudtransplantasjon er andre skadar som er registrerte. Feilen førte til at det blei skore for djupt i huda med den konsekvensen at donorstaden òg måtte transplanterast.
  • For stram bandasje på foten etter ein delhudstransplantasjon førte til at pasienten fekk smerter og arr.
  • Mangelfull oppfølging av ein etseskade førte til nedsett funksjon i handa.

Arrkorreksjonar
Gruppa utgjer fem prosent (14 saker) av sakene innanfor plastikkirurgi. Fem av pasientane har fått medhald. inngrepa er utførte for å korrigere arr etter tidlegare operasjonar eller keloid/hypertrofiske arr, det vil seie unormal fortjukking av arret.

Dei fem pasientane fekk erstatning på grunn av følgjande skadar:

  • To pasientar fekk smertefulle og skjemmande arr som følgje av korreksjon av arr etter tidlegare gjennomførte operasjonar. Båe hadde fått mangelfull informasjon om risikoen for komplikasjonar før arrkorreksjonen, og ville sannsynlegvis ikkje lete seg operere om dei hadde fått tilstrekkeleg informasjon.
  • Ein pasient utvikla keloidarr etter eit inngrep for å korrigere arret som hadde oppstått etter fjerninga av eit stort fødselsmerke. Inngrepet burde ikkje vore utført nettopp på grunn av faren for å utvikle keloidarr.
  • Det oppstod nerveskade i ansiktet til ein pasient under ein feittransplantasjon frå magen til panna. Inngrepet blei gjort for å korrigere eit søkk i panna etter ein tidlegare operasjon. Pasienten hadde ikkje blitt informert om risikoen for ansiktslamming. På grunn av ufullstendig journalføring er det dessutan usikkert om inngrepet var korrekt utført.
  • Ein pasient mista kjensla i brystvorteområdet og fekk problem med sårgroinga, etter at det blei utført eit anna inngrep enn det som var planlagt. Operatøren flytte brystvortene i staden for å fjerne hudvalkar i arra etter ein tidlegare brystreduksjon.

Hudtransplantasjonar
Denne gruppa utgjer tre prosent (ni saker) av sakene. Her har vi plassert hudtransplantasjonar som ikkje fell naturleg inn under andre grupper, men der hudtransplantasjon er en del av behandlinga.

Tre pasientar fekk medhald:

Behandlinga førte til lokal vevsskade hos dei tre pasientane fordi det blei teke eit for tjukt hudtransplantat. I to av tilfella skuldast dette tekniske problem med utstyret. Konsekvensen var at donorstaden òg måtte transplanterast.

Nasekorreksjonar
I denne kategorien er det ni saker, det vil seie ein del på tre prosent av plastikkirurgisakene. Pasientane blei opererte på grunn av skadar på nasen etter ulukker, eller dei fekk utført kosmetisk korreksjon av skeiv nase ved leppe-/ganespalte. Alle pasientane fekk avslag på erstatningskrava sine. Dei fleste krava er avslått fordi det ikkje er sannsynleg samanheng mellom behandlinga og skaden pasienten krev erstatning for.

Anna
I denne gruppa er det 25 saker som er av ein så spesiell karakter at dei ikkje kan inngå i dei andre gruppene, og heller ikkje danne eigne grupper.

I sju av desse sakene blei det gitt medhald:

  • I fire av sakene oppstod det lokal vevsskade eller tannskade.
  • Lokal infeksjon er registrert som skadetype i to av sakene.
  • I ei sak er smerteplager etter behandlinga registrert som skade

Eksempel på medhald
Kvinne i 20-åra
blei operert med brystreduksjon på grunn av rygg- og nakkesmerter som følgje av store og tunge bryst. Pasienten utvikla infeksjon etter operasjonen. Såra sprakk opp fleire stader. Dei neste månadene blei det gjort sårstell, men tilhelinga var mangelfull. Pasienten blei lagd inn på sjukehuset att for å få dekt sårflatene med delhudstransplantat, men det viste seg at inngrepet likevel ikkje kunne utførast på grunn av infeksjon. Åtte månader etter operasjonen hadde såra grodd. Pasienten har fått skjemmande arr. 
Vurderinga til NPE: Det var grunnlag for å utføre brystreduksjonen, og inngrepet blei utført etter gjeldande retningslinjer. I samband med operasjonen oppstod det ein infeksjon som ikkje skuldast tilstanden eller sjukdomen til pasienten. Behandlinga og oppfølginga i etterkant var tilfredsstillande. Infeksjonen førte til forlengd sjukelege med åtte månader, og tynnare hud og skjemmande arr.

Kvinne i 20-åra fekk utført mageplastikk med fjerning av laus hud etter tre graviditetar. Pasienten hadde kosmetiske og fysiske plager i form av fukt og vondt i hudfolda under overhengjande hud på magen. Etter operasjonen hadde ho eit arr som gjekk på tvers over magen frå hoftekam til hoftekam. Under arret var det hud med strekkmerke. Ho blei operert på nytt på grunn av det mislukka operasjonsresultatet. Den siste operasjonen var vellukka, men resultatet er likevel dårleg kosmetisk.
Vurderinga til NPE: Det dårlege kosmetiske resultatet etter den fyrste operasjonen skuldast bruk av feil operasjonsteknikk. Operasjonsmetoden har ikkje vore skildra i medisinsk litteratur.

Eksempel på avslag
Kvinne i 40-åra var operert for brystkreft med fjerning av venstre bryst. Pasienten ynskte rekonstruksjon av brystet. På grunn av tidlegare strålebehandling var det ikkje aktuelt med berre innlegging av protese. Rekonstruksjonen blei gjort med vev frå nedre del av magen. Det utvikla seg vevsdød (nekrose) i brystet og på magen. Det blei utført ein sårrevisjon med fjerning av nekrosane. Pasienten opplyser at ho måtte liggje fleire veker ekstra på sjukehuset og hadde sju månader med dagleg sårstell. I tillegg har pasienten fått eit stygt og stramt arr på magen. 
Vurderinga til NPE: Vevsdød på brystet og magen med påfølgjande sårproblem førte til eit forlengd sjukdomsforløp med behov for eit ekstra inngrep. Vidare fekk pasienten eit stygt og stramt arr på magen som følgje av operasjonen. Dette er i utgangspunktet skadar som kjem av behandlinga. Det var redusert blodsirkulasjon i delar av vevet frå magen som førte til vevsdød. Dette er ein vanleg komplikasjon som kan oppstå i 5-20 prosent av tilfella. Problemet med det strammande arret på magen kan korrigerast kirurgisk. Komplikasjonane som oppstod er utslag av ein risiko som må aksepterast ved denne typen inngrep.

Mann i 40-åra var i tenåra utsett for alvorleg og omfattande brannskade på overkroppen og armane. Det blei utført ein arrkorreksjon i båe armhola på grunn av stramme arr som hindra normal rørsle. Det oppstod sårinfeksjonar og mangelfull groe etter inngrepet, slik at såret ikkje var heilt grodd før etter to år. Vidare utvikla det seg plagsam væskeopphoping og opphovning i den venstre armen og handa (lymfødem). Pasienten har òg sjenerande arr i høgre armhole.
Vurderinga til NPE: Infeksjonen oppstod som følgje av at pasienten hadde brannskadd hud og dårleg blodsirkulasjon i området. Det oppstod lymfødem og sjenerande operasjonsarr trass i at behandlinga var i samsvar med alminnelege retningslinjer og praksis. Dette er kjende og relativt vanlege komplikasjonar ved denne typen operasjonar. Ut ifrå ei konkret vurdering der ein har lagt vekt på grunnlaget for inngrepet, risikoen for plagene og omfanget og den tida plagene varte, finn NPE at resultatet er ei følgje av ein risiko ved behandlinga som pasienten må akseptere.