Primærhelsetenesta

Gjennomgang av 1750 saker innan primærhelsetenesta, viser at dei fleste sakene gjeld fastlegeordninga. Medhaldsdelen er relativt låg, med 25 prosent. Dei fleste medhaldsvedtaka er grunngjevne med svikt i diagnostikk.

Skriv ut Bokmål | English | 4. februar 2020

Innhald

Bakgrunn
Type primærhelseteneste
Medisinsk område
Årsak til medhald
Utbetalingar
Kommunelegetenesta/fastlegeordninga
Kommunal legevakt
Anna kommunehelseteneste
Eksempel på medhald
Eksempel på avslag

Bakgrunn
Norsk Pasientskadeerstatning blei oppretta i 1988. Kommunelegetenesta og kommunal legevakt blei inkluderte i ordninga sommaren 1992. Etter at den nye pasientskadelova kom i 2003, er helie kommunehelsetenesta dekt. Det vil seie at fastlegar, kommunale legevakter, helsestasjonar, heimesjukepleie, sjukeheimar og ambulansetransport er ein del av ordninga med pasientskadeerstatning.

Vi har i denne artikkelen systematisert sakene som er knytte til primærhelsetenesta og gått meir i djupna på dei sakene som har fått medhald. Når det blir gitt medhald betyr det i dei fleste tilfella at det ligg føre svikt ved ytinga av helsehjelp. I tillegg er det i eit mindre tal saker konkludert med at den skaden som har oppstått er så stor eller så uventa at han ikkje kan sjåast på som utslag av ein risiko som må aksepterast sjølv om det ikkje er svikt (rimelegregelen).

Type primærhelseteneste
I registreringssystemet vårt blir primærhelsetenesta inndelt i kommunelegetenesta/fastlegeordninga, kommunal legevakt og anna kommunehelseteneste. I den siste gruppa finn ein hovudsakleg sjukeheimar, heimesjukepleia og helsestasjonar.

Tabell 1 medhald og avslag fordelte på type primærhelseteneste

  Medhald Avslag  
Type primærhelseteneste Tal Prosent Tal Prosent Totalt
Kommunelegetenesta/fastlegeordninga 342 24 % 1 085 76 % 1 427
Kommunal legevakt 69 27 % 184 73 % 253
Anna kommunehelseteneste 21 32 % 44 68 % 65
Totalt 432 25 % 1 313 75 % 1 745

I overkant av 80 prosent av sakene innan primærhelsetenesta gjeld kommunelegetenesta/fastlegeordninga. Kommunal legevakt står for nesten 15 prosent, medan dei resterande fire prosent av sakene er knytte til anna kommunehelseteneste.

Totalt sett er medhaldsdelen 25 prosent. Delen er størst i gruppa anna kommunehelseteneste, men talet saker i denne gruppa er få og delen kan dermed vere påverka av tilfeldige variasjonar. Saker knytte til kommunelegetenesta/fastlegeordninga har den lågaste medhaldsdelen. Avslagssaker som har blitt omgjorte internt, i Pasientskadenemnda eller domstol, er talde med mellom medhaldssakene. Delen medhald for primærhelsetenesta er lågare enn for NPE-sakene totalt sett som har ein medhaldsdel på 37 prosent.

Medisinsk område
Sjølv om sakene som blir gjennomgåtte i denne artikkelen er innan primærhelsetenesta, er sjukdomstypen eller skaden pasienten har blitt utgreidd eller behandla for koda med medisinsk område. Ved registrering av medisinsk område, tek vi altså utgangspunkt i den sjukdomstypen som har ført til klagesaka. Til dømes blir gipsing av armbrot registrert som ortopedi, medan forseinka kreftdiagnose blir registrert som kreftsjukdomar. I gruppa allmennmedisin finn vi hovudsakleg prøvetaking, injeksjonar og sying av kuttskadar. 

Tabell 2 Medhald og avslag fordelte på medisinsk område

  Medhald Avslag  
Medisinsk område Tal Prosent Tal Prosent Totalt
Ortopedisk 125 25 % 371 75 % 496
Svulstr og kreftsjukdomar 57 26 % 165 74 % 222
Allmennmedisin 47 26 % 132 74 % 179
Nevrologi 24 19 % 103 81 % 127
Hjartesjukdomar 28 27 % 77 73 % 105
Infeksjonssjukdomar 33 32 % 71 68 % 104
Psykiatri/psykologi 5 9 % 49 91 % 54
Endokrinologi 19 37 % 33 63 % 52
Augesjukdomar 11 30 % 26 70 % 37
Lungesjukdomar 7 19 % 29 81 % 36
Fødselshjelp og kvinnesjukdomar 2 6 % 33 94 % 35
Fordøyingsjukdomar 14 22 % 50 78 % 64
Karkirurgi 10 32 % 21 68 % 31
Urologi 6 20 % 24 80 % 30
Revmatologi 5 17 % 24 83 % 29
Øyre-nese-halssjukdomar 6 21 % 22 79 % 28
Hudsjukdomar 5 21 % 19 79 % 24
Generell indremedisin 3 17 % 15 83 % 18
Føde (skade på barn) 5 36 % 9 64 % 14
Anna 5 45 % 6 55 % 11
Geriatri 3 30 % 7 70 % 10
Blodsjukdomar 5 56 % 4 44 % 9
Fysikalsk medisin og rehabilitering 0 0 % 6 100 % 6
Generell kirurgi 2 33 % 4 67 % 6
Nyresjukdomar 1 20 % 4 80 % 5
Anestesiologi 2 50 % 2 50 % 4
Nyføddmedisin 1 25 % 3 75 % 4
Odontologi 0 0 % 3 100 % 3
Plastikkirurgi 1 50 % 1 50 % 2
Totalt 432 25 % 1 313 75 % 1 745

Som for NPE-sakene generelt sett, er det flest saker innan området ortopedi. Dei fem største medisinske områda står for over 60 prosent av sakene. Ortopedi åleine er registrert i 30 prosent. Samanlikna med NPE-sakene generelt, er ein større del av primærhelsetenesta knytt til dei medisinske områda kreft, nevrologi, hjarte- og infeksjonssjukdomar, medan tilsvarande færre er innanfor området ortopedi.

Medhaldsdelen varierer frå 19 prosent for nevrologisakene til 30 prosent for infeksjonssakene. Medhaldsprosenten for dei andre medisinske områda, utover dei fem største, varierer meir, men her blir talet saker innan kvart område så få at tilfeldige variasjonar kan spele inn.

Årsak til medhald

Heile 60 prosent av medhaldsvedtaka er grunngjevne med svikt i diagnostikk. Det vil seie at diagnosen anten har blitt stilt for seint eller var feil, og at dette har hatt negative konsekvensar for pasienten, til dømes i form av større skadeomfang, dårlegare prognose eller at pasienten har hatt store plager fram til rett diagnose blei stilt. Ved nærare gjennomgang av tala viser det seg at i overkant av 80 prosent av kreftsakene har fått medhald grunngjeve med svikt ved diagnostikken, medan 60 prosent av ortopedisakene har fått denne grunngjevinga. Også innanfor dei neste tre store områda, nevrologi, hjartesjukdomar og infeksjonssjukdomar, er minst halvparten av medhaldsvedtaka grunngjevne med svikt ved diagnostikk.

Forseinka diagnostikk skuldast som oftast at symptoma til pasienten ikkje har blitt tekne på alvor, at konkrete funn ikkje har blitt følgde opp, mangelfulle undersøkingar, at pasienten ikkje har blitt innlagd som akutt hjelp, mangelfull tilvising til undersøkingar, mangelfull oppfølging av konkrete tilrådingar, kommunikasjonssvikt mellom sjukehus og primærlege og kommunikasjonssvikt mellom primærlege og pasient.

Tabell 3 Årsak til medhald

Årsak til medhald Prosent
Svikt i diagnostikk 60,4 %
Svikt i behandling 26,6 %
Smitte eller infeksjon 6,6 %
Svikt ved undersøking 2,6 %
Rimelegregelen 1,5 %
Svikt i pleie 1,3 %
Informasjonssvikt 0,3 %
Teknisk svikt 0,3 %
Vaksinasjon 0,3 %
Alminnelege erstatningsreglar 0,3 %
Totalt 100, 0 %

Nesten 27 prosent av medhaldssakene er grunngjevne med svikt i behandlinga. Det vil seie at behandlinga som blei gitt var mangelfull eller forseinka, eller at resultatet ikkje blei bra nok. Den tredje årsaka til medhald som er av ein viss storleik, er smitte eller infeksjon. Nesten sju prosent av medhaldssakene skuldast påført infeksjon.

Utbetalingar
Per i dag er det gjort utbetalingar i 369 av dei 432 medhaldssakene. Totalt sett er det så langt utbetalt 183 millionar kroner, men sidan utmålinga i nokre saker ikkje er starta og i andre saker ikkje er heilt avslutta, vil denne summen bli noko høgare. Gjennomsnittlege utbetalingar i ferdig utrekna saker er på ca 500 000 kroner. Gjennomsnittleg utbetaling er om lag som for NPE-sakene generelt sett. Storleiken på utbetalinga varierer frå 5000 kroner som er nedste grense, til nesten ni millionar kroner.

Tabell 4 Utbetalingar fordelte på type primærhelseteneste

Type primærhelseteneste Utbetalt
Kommunelegetenesta/fastlegeordninga 143 mill.
Kommunal legevakt 33 mill.
Anna kommunehelseteneste 7 mill.
Totalt 183 mill.

Kommunelegetenesta/fastlegeordninga
Det er gitt medhald i 342 saker knytte til kommunelegetenesta/fastlegeordninga. 70 prosent av sakene er registrerte innan dei medisinske områda ortopedi, kreftsjukdomar, infeksjonssjukdomar, allmennmedisin, hjartesjukdomar, nevrologi, endokrinologi og fordøyingssjukdomar. I den vidare framstillinga vil vi gå nøyare gjennom kva slags type saker som har ført til medhald innan desse åtte gruppene.

Ortopedi
Ortopedi er den største medisinske spesialiteten med 88 registrerte medhaldssaker. Ein stor del av desse dreier seg om forseinka diagnostisering.

  • 40 pasientar har klaga på diagnostisering eller behandling av skadar eller sjukdom i armane, frå skulder til fingrar. 80 prosent dreier seg om forseinka diagnose. Særleg forseinka diagnose av handleddsbrot og fingerskadar går att.
  • 19 pasientar har klaga på diagnostisering eller behandling av skade eller sjukdom i ryggen. Ni av pasientane er utsette for forseinka tilvising/operasjon ved ryggprolaps. Dei fleste av desse pasientane har fått konstatert droppfot. Ytterlegare seks pasientar har fått konstatert forseinka diagnose av ryggprolaps.
  • 15 pasientar har klaga på diagnostisering eller behandling av skade eller sjukdom i beina, frå hofta til tærne. Alle sakene med unnatak av to, handlar om forseinka diagnose. Dette gjeld særleg forseinka diagnose av ulike brotskadar og krossbandsskade og akillesseneskade.
  • Fire pasientar er registrerte med forseinka diagnose av brot i ryggen.
  • To pasientar klagar på medikamentmisbruk.
  • Dei resterande pasientane klagar på forseinka diagnostisering eller behandling, til dømes av hofteleddsdysplasi.

Typisk svikt i desse sakene er forseinka sjukehusinnlegging ut frå symptoma til pasienten, at skaden blir oversett, feil konklusjon etter undersøking eller forseinka tilvisning til undersøking, til dømes røntgen.

Kreft
Det er gitt medhald i 60 saker innan området kreft eller godarta svulstar. Med unnatak av tre saker, handlar alle desse medhalda om forseinka eller feil diagnose.

  • Elleve pasientar er registrerte med forseinka diagnose av tarmkreft. Tre av pasientane var døde på registreringstidspunktet.
  • Ni pasientar er registrerte med forseinka diagnose av brystkreft. Tre av pasientane var døde på registreringstidspunktet.
  • Åtte pasientar er registrerte med forseinka diagnose av kreft i urinblæra. Ein pasient var død på registreringstidspunktet.
  • Sju pasientar er registrerte med forseinka diagnose av kreft i hjerne eller ryggmarg.
  • Seks pasientar er registrerte med forseinka diagnose av kreft i kvinnelege kjønnsorgan.
  • Fire pasientar er registrerte med forseinka diagnose av kreft i prostata.
  • Mellom ein og tre pasientar er registrerte med forseinka diagnose av høvesvis kreft i skjelett/blautdel, binyre, hud/føflekk, lunge eller testikkel.

Dei resterande tre sakene dreier seg om mangelfull oppfølging av kreftsjukdom, nerveskade etter kreftbehandling og utvikling av kreft i livmora som følgje av østrogenbehandling.

Typisk svikt i desse sakene er mangelfull utgreiing ut frå symptoma til pasienten, manglande oppfølging av prøvesvar ved til dømes forhøga PSA og svikt ved informasjon frå lege til pasient ved prøvesvar som viste kreft.

Allmennmedisin
Allmennmedisin er registrert som medisinsk område i 33 medhaldssaker.

  • 18 pasientar har utvikla infeksjonar eller er påførte nerveskade i samband med injeksjon av ulike typar medikament.
  • Fire pasientar er påførte nerveskade/smerter/nedsett funksjon i armen etter blodprøvetaking.
  • To pasientar er utsette for feilmedisinering/biverknader. Ein pasient utvikla hjerneskade etter medisinering med Vermox medan ein pasient utvikla hjarteinfarkt då adrenalin blei sett intravenøst i staden for intramuskulært.
  • To pasientar er registrerte med fallskadar. Ein grunna manglande tilsyn ved nedstiging frå undersøkingsbenk, medan den andre fall ut av ein stol grunna laust armlene.
  • Ein pasient fekk brannsår i ansiktet og på halsen grunna bruk av trikloreddiksyre ved reinsing av sår.
  • Ein pasient fekk nedsett høyrsle og smakssans, skadd balansenerve og fått smerter i øyret etter øyreskyljing.

Resten av sakene dreier seg om mangelfull oppfølging/forseinka sjukehusinnlegging ved ulike tilstandar.

Infeksjonssjukdomar
Infeksjonssjukdomar er registrerte som medisinsk område i 25 av medhaldssakene. 16 av de 25 medhaldssakene dreier seg om forseinka diagnose av ulike typar infeksjonar. Resten av sakene er knytte til forseinka, feil eller mangelfull behandling.

  • Fem pasientar er registrerte med forseinka diagnose eller mangelfull behandling av sepsis (blodforgifting).
  • Fire pasientar har vore utsette for forseinka diagnose av hjernehinnebetennelse. Tre av pasientane døydde.
  • Tre pasientar har opplevd forseinka diagnose av streptokokk A infeksjon. Ein av pasientane døydde som følgje av forseinkinga. Amputasjon eller store muskelskadar blei skadeomfanget for dei to andre.
  • To pasientar har vore utsette for forseinka diagnostisering av lungebetennelse. Båe pasientane døydde.
  • Ein pasient har opplevd at amøbedysenteri har blitt diagnostisert som annan tarmsjukdom i ei årrekkje. Ein pasient har klaga på forseinka diagnostisering av nekrotiserande fascitt.

Resten av sakene handlar hovudsakleg om mangelfull behandling av ulike infeksjonstilstandar som gule stafylokokkar og abscess.

Typisk svikt i desse sakene er forseinka sjukehusinnlegging trass i alvorlege symptom, at undersøkingar ikkje har vore grundige nok, manglande måling av CRP eller informasjonssvikt ved at pasient ikkje har fått vite om prøvesvar.

Hjartesjukdomar
Det er gitt medhald i 22 saker knytte til det medisinske området hjartesjukdomar. 18 av sakene handlar om forseinka diagnostisering.

  • 14 pasientar har vore utsette for forseinka diagnostisering av hjarteinfarkt eller andre hjartesjukdomar. Åtte av pasientane døydde.
  • Fire pasientar har klaga på forseinka diagnose av forhøga blodtrykk.
  • Tre pasientar har vore utsette for feilmedisinering; ikkje adekvat Marevanbehandling med påfølgjande hjerneinfarkt, medisinering med Renitec med påfølgjande dødsfall og manglande medisinering av høgt blodtrykk med påfølgjande nyresvikt.
  • Ein pasient fekk mangelfull oppfølging av høgt blodtrykk.

Typisk svikt i desse sakene er at symptom og funn ikkje er følgde opp, at symptoma er mistolka eller at pasienten ikkje er innlagd på sjukehus trass i teikn på hjartesjukdom. I eitt tilfelle var EKG feiltolka.

Endokrinologi
Endokrinologi er medisinsk område i 13 medhaldssaker. Ti av desse sakene har fått medhald grunna forseinka eller feil diagnose.

  • Seks pasientar har klaga på forseinka diagnose av høgt eller lågt stoffskfite.
  • Fem pasientar har klaga på forseinka diagnose, mangelfull undersøking eller behandling av diabetes/diabetesrelaterte sjukdomar. Fire av pasientane døydde.
  • Ein pasient har klaga på forseinka diagnose av hemokromatose.
  • Ein pasient er utsett for feilmedisinering med Daonil med påfølgjande hypoglykemisk sjokk.

Typisk i desse sakene er at blodprøvar som indikerer stoffskiftesjukdom ikkje har blitt følgde opp eller at prøvesvar er oversette. Når det gjeld diabetes er typisk svikt mangelfull oppfølging, manglande sjukehusinnlegging trass i mistanke om diabetes og mangelfulle kunnskapar om diabetes.

Kommunal legevakt
Det er fatta 69 medhald knytte til kommunal legevakt. Dei aller fleste av desse sakene (75 prosent) dreier seg om forseinka eller feil diagnose.

27 av dei 69 medhaldssakene er innan området ortopedi. Delen forseinka eller feil diagnose utgjer her 70 prosent.

  • Ni pasientar er registrerte med forseinka diagnostisering av brot eller band-/seneskadar i skulder, arm, handledd eller fingrar.
  • Åtte pasientar er registrerte med forseinka diagnostisering av brot eller seneskadar i lårhals, lårbein, kne, okle, hælbein eller akillessene.
  • To pasientar er registrerte med forseinka diagnose av ryggskade/ryggprolaps.
  • Dei åtte andre medhaldssakene handlar om forseinka behandling, feilstillingar etter brotbehandling, nerveskade eller infeksjon etter injeksjon.

Ni av dei 69 medhaldssakene er registrerte som infeksjonssaker. Alle dei ni sakene dreier seg om forseinka diagnose.

  • Fire pasientar har vore utsett for forseinka diagnose av hjernehinnebetennelse, hjernebetennelse eller hjerneabscess. To av pasientene døydde, medan dei to andre har enda opp med hjerneskade.
  • To pasientar er registrerte med forseinka diagnostikk av streptokokk A sepsis med påfølgjande amputasjon av beina.
  • Ein pasient har klaga på forseinka diagnostikk av lungebetennelse med sepsis.
  • Ein pasient er registrert med forseinka diagnostikk av blautdelsinfeksjon.
  • Ein pasient har fått stilt diagnosen osteomyelitt for seint.

Sju av dei 69 medhaldssakene er knytte til nevrologi. Seks av dei sju sakene dreier seg om forseinka diagnose:

  • Fire pasientar er registrerte med forseinka diagnose av hjerneslag/hjernebløding.
  • Ein pasient er registrert med forseinka diagnose av ryggmargsskade.
  • Ein pasient har klaga på forseinka diagnose av feilstilling i halsvirvel.
  • Ein pasient blei medisinert med Vioxx grunna migrene. Pasienten utvikla hjarteinfarkt og døydde.

Seks av dei 69 medhaldssakene knyter seg til hjartesjukdomar. Alle desse sakene dreier seg om forseinka eller feil diagnose:

  • Fire pasientar er registrerte med forseinka diagnose av hjarteinfarkt. Ein av pasientane døydde.
  • Ein pasient er registrert med forseinka diagnose av iskemisk hjartesjukdom med påfølgjande hjarteinfarkt.
  • Ein pasient er registrert med hjartesjukdom som blei feiltolka som magesyre i matrøyret. Pasienten døydde.

Dei siste 20 medhaldssakene er knytte til elleve ulike medisinske område. Dei fleste handlar om forseinka diagnose av ulike lidingar, til dømes diabetes, blindtarmbetennelse, lungeemboli eller sprukken pulsåre.

Anna kommunehelseteneste
Det er fatta 21 medhald knytte til gruppa ana kommunehelseteneste. hovudsakleg er dette saker der klaga gjeld heimesjukepleia, sjukehus, helsestasjonar og helsesenter.

Sju av sakene dreier seg om behandlingssvikt innan heimesjukepleia:

  • Fem pasientar er utsett for feilmedisinering. To av pasientane blei overdoserte. Den eine av desse døydde. Ein pasient fekk nedsett allmenntilstand etter å ha fått medisin (Clozapine) som ein annan pasient skulle ha hatt. Ein pasient fekk for låg dose epilepsimedisin, medan ein pasient fekk nedsett kraft i beinet etter B-12 injeksjon.
  • Ein pasient utvikla nekrose og infeksjon grunna ein ettergløymd kompress i samband med sårbehandling.
  • Ein pasient fekk forseinka behandling av hjarteinfarkt grunna mangelfullt tilsyn.

Seks av sakene gjeld behandlingssvikt knytt til helsestasjonar:

  • Fire barn er registrerte med forseinka diagnose av hofteleddsdysplasi.
  • To barn har fått arrdanning og til dels kular på kroppen etter vaksine.

Tre saker gjeld behandlingssvikt ved sjukeheim:

  • Ein pasient døydde etter fall frå eit vindauge.
  • Ein pasient skadde seg etter fall på byggjeområde på sjukeheimen.
  • Ein pasient utvikla liggjesår som følgje av pleiesvikt.

Dei siste fem sakene innan området anna kommunehelseteneste, handlar om forseinka diagnose av brotskade, fall etter feilmedisinering, infeksjon etter kortisoninjeksjon, forseinka diagnose av hofte ute av ledd og psykiske plager etter seksuelle overgrep utført av sjukepleiar.

Eksempel på medhald

Kvinne i 20-åra oppsøkte lege pga smerter i høgre hofte. Tilstanden blei oppfatta som betennelse i ein slimpose, og det blei gitt ein injeksjon med kortison. Injeksjonen førte til aukande smerter, feber og utslett. Det blei konkludert med infeksjon, og ho fekk intravenøs antibiotikabehandling. Det utvikla seg ein abscess i hofta, og ho blei operert. Det blei konstatert gule stafylokokkar. Ho blei utskriven i betring.

Vurderinga til NPE: Infeksjonen med påfølgjande trong for sjukehusinnlegging, antibiotikabehandling og operativt inngrep, skuldast mest sannsynleg kortisoninjeksjonen. Pasienten har krav på erstatning.

Kvinne i 20-åra var tidlegare undersøkt på legesenteret pga smerter i venstre side av brystet. Ho var noko overvektig, brukte p-pillar og det var familiær belastning med hjarte-/karsjukdomar og djup venetrombose. Undersøking viste svak systolisk bilyd over hjartet, men ingen funn over lunger. Det blei rekvirert røntgenundersøking av lungene. Tre veker seinare oppsøkte ho legevakta pga akutt innsetjande pustevanskar. Ho pusta fort og pressa. Ho hadde ikkje brystsmerter, men smerter i ryggen. EKG, lytting på lungene og CRP var normale. Det blei konkludert med hyperventilasjon av psykisk årsak, og ho blei send heim. Då tilstanden forverra seg, blei ho innlagd akutt på sjukehuset same natta. Kort tid etter at ho kom inn, fekk ho pustestans. Det blei sett i gang gjenoppliving, men det lukkast ikkje å stabilisere situasjonen, og ho døydde. Ifølgje obduksjonsrapporten skuldast dødsfallet seilande blodproppmassar i lungepulsårane.

Vurderinga til NPE: Ut frå tilstanden til pasienten, burde ho vore grundigare undersøkt og innlagd på sjukehus. Mest sannsynleg er det årsakssamanheng mellom den forseinka innlegginga/behandlinga og dødsfallet. Dei etterlatne har krav på erstatning.

Kvinne i 70-åra fall og slo høgre hofte. Det blei teke røntgenbilde, men brotskaden som kom fram på bildet blei oversett. Ho oppsøkte lege på nytt etter 2,5 veker pga smerter, og brotskaden blei påvist. Ho blei innlagd på sjukehus og behandla med nagling. Grunna utvikling av caputnekrose, blei ho operert med innsetting av hofteprotese. Ho er i dag plaga med nedsett gangfunksjon og smerter.

Vurderinga til NPE: Det er sannsynleg årsakssamanheng mellom den forseinka diagnosen av lårhalsbrotet og plagene hennar. Hadde operasjonen  blitt utført på skadedagen ville ho mest sannsynleg unngått innsetting av hofteprotese. Pasienten har krav på erstatning.

Eksempel på avslag

Kvinne i 50-åra var plaga med mage- og underlivssmerter. Det blei teke celleprøve frå livmorhalsen og utført gynekologisk undersøking. Det blei påvist ein litt forstørra eggstokk, og ho blei tilvist til ultralydundersøking. Undersøkinga viste normale forhold. På besøk i utlandet blei ho undersøkt pga trøttleik, redusert appetitt og aukande bukomfang. Det blei påvist eggstokkreft med spreiing i heile bukhola. Det blei utført operasjon og cellegiftbehandling med godt resultat.

Vurderinga til NPE: Ut frå dei symptoma som var skildra var det ikkje grunnlag for å mistenkje kreftsjukdom. Det blei utført adekvate undersøkingar, vurderingar og tilvisingar. Pasienten har ikkje krav på erstatning.

Kvinne i 40-åra var plaga med smerter i nakken og fingrane. Ho fekk behandling med Voltaren tablettar og fysikalsk behandling. Behandlinga hadde god effekt på nakkeplagene, men ho hadde framleis plager frå tommelleddet. Ho heldt fram med medikamentell og fysikalsk behandling. Det blei etter kvart teke røntgenbilde som påviste slitasjegikt i venstre tommel. Pasienten hevda at utvikling av slitasjegikt skuldast senebetennelsen.

Vurderinga til NPE: Utviklinga av slitasjegikt skuldast mest sannsynleg hennar krevjande arbeid og ikkje behandlinga av senebetennelsen ho fekk på legekontoret. Mest sannsynleg har ho hatt slitasjegikt parallelt med senebetennelse heile tida. Pasienten har ikkje krav på erstatning.