Ettergløymt utstyr under operasjon

I perioden 2006 til 2015 har NPE behandla 121 saker som handlar om utstyr som er ettergløymt i pasienten under operasjon. Av desse har 84 pasientar fått medhald og 37 avslag.

Skriv ut Bokmål | English | 4. februar 2020

Desse sakene representerer ein type svikt i behandlinga som skal vere lett å unngå gjennom å følgje rutinane på operasjonssalen.

- Det at utstyr frå operasjonen blir ettergløymt i pasienten skal rett og slett ikkje skje og desse skadane kunne vore unngått. Heldigvis er det relativt få saker det dreier seg om sett i forhold til alle sakene vi behandlar. Det tyder sannsynlegvis på at i det store og heile følgjer ein rutinane rundt dette på sjukehusa, men eksempla viser òg at det er rom for forbetringar, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad. 

Kvifor får nokre avslag? 
For å ha rett til erstatning, er det nokre krav som må oppfyllast. Det må ha oppstått ein skade som skuldast svikt i behandlinga, og skaden må som hovudregel ha ført til eit økonomisk tap for pasienten (Les om meir om kva som skal til for å få pasientskadeerstatning her).
Årsaka til at nokre får avslag i slike saker, er stort sett at ettergløymt utstyr ikkje har ført til ein skade, eller at det ikkje er eit økonomisk tap. I nokre få saker meiner pasienten at utstyr er ettergløymt, men at det ikkje er haldepunkt for at det er tilfelle.