Kort om...

Her finn du korte informasjonsartiklar om statistikk frå NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 23. februar 2018

{Sideliste 2}

Erstatningssaker - leiringsskade

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 85 saker som handlar om skade etter feil liggjestilling under operasjon? Dette er òg kalla leiringsskadar. 62 av erstatningssøkjarane har fått medhald i kravet, og dei har totalt fått utbetalt 26 millionar kroner i erstatning.

Erstatningssaker - brystplastikk i privat helseteneste

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 64 saker som gjeld brystplastikk utført i privat helseteneste? Elleve erstatningssøkjarar har fått medhald. Det er utbetalt til saman 1,5 millionar kroner i erstatning.

Erstatningssaker - operasjonar av kneskadar

Visste du at NPE dei siste fem åra har fatta 295 vedtak som omhandlar operasjonar av kneskadar? 124 erstatningssøkjarar (42 prosent) har fått medhald, og så langt er det utbetalt 34 millionar kroner i erstatning.

Erstatningssaker - føflekkreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 38 av 71 saker som gjeld diagnostisering av føflekkreft?

Erstatningssaker - rutinesvikt

Visste du at NPE har gitt medhald i 91 saker dei siste sju åra som gjeld forseinka diagnose som følgje av rutinesvikt?

Erstatningssaker - hofteprotese

Visste du at NPE har behandla 785 saker dei siste fem åra som gjeld operasjon med innsetjing av hofteprotese?

Erstatningssaker - ettergløymt utstyr

Visste du at 37 erstatningssøkjarar dei siste fem åra har fått utbetalt 4,2 millionar kroner i erstatning på grunn av ettergløymt utstyr i kroppen i samband med kirurgiske inngrep eller andre prosedyrar?

Erstatningssaker - diagnostisering av lungekreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i halvparten av 243 erstatningssaker som gjeld forseinka diagnostikk av lungekreft?

Erstatningssaker - skeiv stortå

Visste du at NPE har behandla 164 saker som omhandlar operasjon på grunn av Hallux valgus, altså skeiv stortå, dei siste fem åra?

Erstatningssaker - diagnostisering av ADHD

Visste du at NPE har behandla 165 saker som gjeld diagnostisering av ADHD dei siste ti åra? I alt 23 erstatningssøkjarar har fått medhald, og det er til no utbetalt tolv millionar kroner i erstatning.

Erstatningssaker - tjukktarmskreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 237 tjukktarmskreftsaker?

Erstatningssaker - diabetes

Visste du at NPE har behandla 135 diabetessaker dei siste ti åra? Halvparten av i alt 43 medhaldssaker gjeld svikt i behandlinga av følgjesjukdomar til diabetes.

Erstatningssaker - kneprotese

Visste du at NPE har behandla 322 kneprotesesaker dei siste fem åra? I desse sakene er det operert inn protese i kneet på grunn av artrose (slitasje).

Erstatningssaker - antibiotikabehandling

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 50 av 77 erstatningssaker, og utbetalt 25 millionar kroner i erstatning etter feil eller manglande antibiotikabehandling?

Erstatningssaker - hjerneslag

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 272 hjerneslagsaker? Over 80 prosent av medhaldssakene er grunngjevne med svikt i diagnostikk.

Erstatningssaker - augelaser

Visste du at NPE har gitt medhald i 27 av 105 erstatningssaker etter augelaser i privat helseteneste? Hittil er det utbetalt seks millionar kroner i erstatning.

Erstatningssaker - fedmekirurgi

Visste du at NPE har behandla 121 fedmekirurgisaker dei siste fem åra?

Erstatningssaker - blodfortynnande medikament

Visste du at NPE har utbetalt 55 millionar kroner i erstatning dei siste ti åra på grunn av feilmedisinering med blodfortynnande medikament? Utbetalingane er fordelte på 94 medhaldssaker.

Erstatningssaker - ryggkirurgi

Visste du at NPE har behandla 524 ryggkirurgi-saker dei siste fem åra? Dei to vanlegaste årsakene til inngrepa er ryggprolaps eller trong ryggmargskanal.

Erstatningssaker - prostatakreft

Visste du at NPE har behandla 236 prostatakreftsaker dei siste fem åra? 97 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er utbetalt nærare 50 millionar kroner i erstatning.

Erstatningssaker - brystkreft

Visste du at forseinka eller feil diagnose av brystkreft er årsaka til at NPE har gitt medhald i 85 saker dei siste fem åra? Hittil har vi utbetalt 73 millionar kroner i erstatning.