Erstatningssaker - antibiotikabehandling

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 50 av 77 erstatningssaker, og utbetalt 25 millionar kroner i erstatning etter feil eller manglande antibiotikabehandling?

Eksempelsaker - antibiotikabehandling

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2018

I sakene som er ferdig utrekna er gjennomsnittleg utbetaling 570 000 kroner. Den høgaste summen som til no er utbetalt i éi sak er på fire millionar kroner. Det lågaste er på 10 000 kroner.

Forlengt sjukdomsforløp og dødsfall

I nesten alle medhaldssakene var det eit sjukehus som var ansvarleg for antibiotikabehandlinga, ofte i samband med operasjonar. Pasientane hadde anten ikkje fått antibiotika, sjølv om det var medisinsk grunnlag for det, eller dei hadde fått medisinen for seint. Andre hadde fått for høg/låg dose, blitt behandla for lenge, fått feil type antibiotika, eller fått medisinen på feil måte, til dømes intravenøst i staden for gjennom munnen.

I fem av sakene fekk dei etterlatne medhald for at feilmedisineringa var skuld i dødsfallet. Andre pasientar fekk blodforgifting, utvikling av eller forverring av infeksjon, svekt syn/høyrsle eller skade på balansenerven. Mange fekk eit lengre sjukdomsforløp med behov for ei meir omfattande behandling enn dei ville hatt om dei hadde fått rett antibiotikabehandling.

To årsaker til avslag

I 15 av dei 27 avslaga har NPE konkludert med at det ikkje er svikt i behandlinga. Det var medisinsk grunnlag for å gi antibiotikabehandling, eller det var rett ikkje å gi antibiotika. Medisineringa blei gjort i samsvar med god medisinsk praksis med rett val av legemiddel, rette dosar og behandlinga blei avslutta til rett tid.

I dei resterande tolv avslagssakene er grunngjevinga at det ikkje er sannsynleg samanheng mellom antibiotikabehandlinga og skadane erstatningssøkjarane meiner at dei har fått.