Erstatningssaker - augelaser

Visste du at NPE har gitt medhald i 27 av 105 erstatningssaker etter augelaser i privat helseteneste? Hittil er det utbetalt seks millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 21. mars 2018

I vedtaka frå 2009 til 2017 var litt over halvparten av dei 105 erstatningssøkjarane nærsynte, ein tredel var langsynte og resten hadde skeive hornhinner. Dei fekk utført laserbehandlinga for å sleppe å bruke briller eller linser.

Kvifor det blei medhald

Synsforstyrringar, dårlegare mørkesyn, sviande augo og kjenslevarleik for lys er dei hyppigaste plagene som blei rapporterte av dei 27 erstatningssøkjarane som fekk medhald. I ein tredel av sakene kom NPE fram til at erstatningssøkjarane ikkje skulle vore behandla med augelaser, fordi dei hadde tilstandar som gjorde at dei ikkje var eigna for denne behandlingsmetoden. I omlag like mange saker hadde dei fått mangelfull informasjon om risikoen for komplikasjonar, eller om alternative behandlingsmetodar.

Andre saker gjeld mangelfull journalføring, eller at behandlingsstaden ikkje hadde sendt inn korkje journal eller uttale til NPE. Nokre få medhald gjeld infeksjon. Eitt medhald dreier seg om teknisk svikt ved apparatet.

Kvifor det blei avslag

Dei 78 avslaga er i hovudsak grunngjevne med at det ikkje var svikt i behandlinga. Det var grunnlag for behandlinga, som blei utført i tråd med god medisinsk praksis. Vedvarande behov for briller/linser, dårlegare mørkesyn, turre augo og kjenslevarleik for lys er kjende komplikasjonar etter augelaser, og innanfor det som må aksepterast.