Erstatningssaker - blodfortynnande medikament

Visste du at NPE har utbetalt 55 millionar kroner i erstatning dei siste ti åra på grunn av feilmedisinering med blodfortynnande medikament? Utbetalingane er fordelte på 94 medhaldssaker.

Skriv ut Bokmål | English | 13. februar 2018

Feilmedisineringa gjekk fyrst og fremst ut på at

  • erstatningssøkjarane ikkje fekk blodfortynnande, eller fekk det for seint (50 %)
  • doseringa var for høg eller for låg (25 %)
  • medisinen blei gitt i for kort eller for lang tid (20 %)

Dei fleste sakene gjeld legemidla Marevan, Klexane og Albyl-E. I 81 av dei 94 medhaldssakene var eit sjukehus ansvarleg for medisineringa, som regel i samband med kirurgiske inngrep.

Konsekvensar av feilmedisinering

Feilmedisineringa førte til hjerneslag, hjarteinfarkt og blodpropp i lungene eller beina/armane, ofte med varige lammingar. I 13 av dei 94 sakene fekk pårørande medhald for at erstatningssøkjarane døydde på grunn av feilmedisineringa.

Årsak til avslag

I alt 69 erstatningssøkjarar fekk avslag. Dei to årsakene til avslag er at

  • det ikkje har skjedd ein svikt i behandlinga, då medisineringa har vore i tråd med medisinsk praksis (60 %)
  • det ikkje er samanheng mellom medisineringa og plagene til erstatningssøkjaren (40 %)