Erstatningssaker - brystkreft

Visste du at NPE har gitt medhald i 77 saker som gjeld forseinka eller feil diagnose av brystkreft dei siste fem åra? Vi har utbetalt i alt 73 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 8. oktober 2019

Nesten alle sakene gjeld forseinka diagnose, berre to gjeld feil diagnose. I godt over halvparten av sakene blei brystkreftdiagnosen forseinka fordi nødvendige undersøkingar, som mammografi og vevsprøve, ikkje blei utførte, eller fordi funn frå undersøkingar ikkje blei følgde opp. Feiltolking av prøvesvar eller undersøkingar var grunnen til at diagnosen blei forseinka i 17 saker. Andre årsaker var manglande eller forseinka tilvising, prøvesvar som blei oversette eller forlagde og kommunikasjonssvikt.

Forverra prognose

I sju saker fekk dei etterlatne medhald for dødsfall, medan 36 fekk medhald for forkorta levetid eller forverra prognose. Mange av kvinnene måtte ha meir behandling enn dei ville hatt trong for om kreftdiagnosen hadde blitt stilt til rett tid.

Avslag

NPE har gitt avslag i 139 saker der kvinner meiner at dei har fått forseinka eller feil brystkreftdiagnose (fem saker gjeld feil diagnose). I 101 av sakene er avslaget grunngjeve med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk. Det var ikkje mogleg å stille diagnosen på eit tidlegare tidspunkt. I 38 saker hadde det vore mogleg å stille diagnosen tidlegare, men forseinkinga har ikkje hatt noko å seie for sjukdomsforløpet eller behandlingsresultatet.