Erstatningssaker - brystplastikk i privat helseteneste

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 64 saker som gjeld brystplastikk utført i privat helseteneste? Elleve erstatningssøkjarar har fått medhald. Det er utbetalt til saman 1,5 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 22. august 2019

Nesten tre firedelar av dei plastikkirurgiske inngrepa gjeld brystforstørring og/eller brystløft. Brystreduksjon utgjer den nest største gruppa. Nokre få operasjonar gjeld brystrekonstruksjon etter behandling for brystkreft. Erstatningssøkjarane var i gjennomsnitt 32 år då inngrepet blei utført.

Medhald

Svikt i behandling er årsak til medhald i åtte av dei elleve sakene. Feil behandlingsteknikk og mangelfull oppfølging etter operasjonen er hovudårsakene til svikt i behandlinga. Følgjene for erstatningssøkjarane var mellom anna dårleg kosmetisk resultat med trong for korrigerande inngrep, og at komplikasjonar som oppstod etter operasjonen fekk utvikle seg fordi oppfølginga ikkje var god nok. Dette førte til forlengt behandlingsforløp, ofte med smerter og andre plager.

Tre erstatningssøkjarar fekk medhald på grunn av infeksjon etter operasjonen.

Avslag

Grunngjevinga i 44 av dei 53 avslaga er at det ikkje har vore svikt i behandlinga. Dei fleste søkte om erstatning fordi dei var misnøgde med det kosmetiske resultatet. Dette blei vurdert å vere innanfor det som kan forventast.

Tre avslag er grunngjevne med at det ikkje er samanheng mellom inngrepet og plagene. I tre andre saker er årsaka til avslag at infeksjon som oppstod skuldast forhold ved erstatningssøkjaren sjølv. To saker er avslegne fordi det ikkje har vore informasjonssvikt. Eitt avslag er grunngjeve med at det ikkje har vore teknisk svikt.