Erstatningssaker - diabetes

Visste du at NPE har behandla 135 diabetessaker dei siste ti åra? Halvparten av i alt 43 medhaldssaker gjeld svikt i behandlinga av følgjesjukdomar til diabetes.

Skriv ut Bokmål | English | 27. september 2018

Dei andre årsakene til medhald er svikt i diagnostikk, pleie og infeksjon. Så langt er det utbetalt 33 millionar kroner i dei 43 medhaldssakene.

Medhald

Dei 22 medhaldssakene som er grunngjevne med svikt i behandlinga dreier seg om mangelfull oppfølging av følgjetilstandar som diabetessår og augekomplikasjonar. Diabetessår fekk utvikle seg til utbreidd infeksjon og vevsdød, som resulterte i amputasjon av tå, fot eller legg. Mangelfull behandling av augekomplikasjonar førte til nedsett syn eller ytterlegare forverring av synet. Ein fellesnemnar for desse sakene er at erstatningssøkjaren ikkje blei tilvist vidare til spesialistar for vurdering, eller direkte til operasjon.

Svikt i diagnostikk er årsaka til medhald i tolv saker. Flesteparten gjeld forseinka diagnose av diabetes på grunn av blodprøvar som blei oversett, manglande oppfølging av høgt blodsukker, eller at andre symptom eller risikofaktorar ikkje blei følgde opp.

Avslag

NPE har grunngjeve halvparten av dei totalt 92 avslaga med at det ikkje har skjedd ein svikt i behandlinga eller diagnostikken, då denne har vore i tråd med medisinsk praksis.

I den andre halvparten er grunngjevinga at det ikkje er sannsynleg samanheng mellom behandlinga og plagene til erstatningssøkjaren. Desse skuldast sjølve diabetessjukdomen.