Erstatningssaker - diagnostisering av ADHD

Visste du at NPE har behandla 165 saker som gjeld diagnostisering av ADHD dei siste ti åra? I alt 23 erstatningssøkjarar har fått medhald, og det er til no utbetalt tolv millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 4. desember 2018

Eit stort fleirtal av sakene (140) gjeld forseinka diagnose av ADHD, medan dei resterande 25 dreier seg om at diagnosen var feil.

Kvifor blei ikkje rett diagnose stilt tidlegare?

Dei fleste av de 23 erstatningssøkjarane som fekk medhald (18) skulle ha fått diagnosen ADHD for fleire år sidan, medan fem av dei ikkje skulle hatt denne diagnosen.

I sakene som gjeld forseinka diagnose, blei det i mange tilfelle ikkje gjort systematisk kartlegging og utgreiing trass i konsentrasjonsvanskar, åtferdsproblem og andre symptom som burde ført til mistanke om ADHD. I andre tilfelle blei kartlegginga gjort, men ho blei ikkje følgd opp med rett behandling, som medisinering med sentralstimulerande legemiddel.

I åra fram til dei fekk rett diagnose, fungerte erstatningssøkjarane dårlegare sosialt og hadde større åtferdsproblem, uro og konsentrasjonsvanskar enn dei ville hatt om dei hadde fått korrekt behandling. Dette fekk ofte konsekvensar for skulegang og arbeidsliv.

Dei fem som fekk medhald for feildiagnostisering av ADHD skulle hatt behandling for andre diagnosar, og fekk biverknadsskadar av dei sentralstimulerande medisinane.

Kvifor blei det avslag?

Det er to årsaker til at 142 erstatningssøkjarar fekk avslag: I 120 saker har det ikkje vore svikt i diagnostiseringa, då utgreiinga var etter god medisinsk praksis. Det var anten ikkje mogleg å stille diagnosen ADHD tidlegare, eller det var ikkje grunnlag for å setje denne diagnosen i det heile.

I dei andre 22 avslagssakene er det ikkje sannsynleg årsakssamanheng mellom forseinka eller feil diagnose og plagene erstatningssøkjarane har hatt.