Erstatningssaker - diagnostisering av hjartesjukdom

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 274 saker som handlar om diagnostisering av hjartesjukdom? 98 erstatningssøkjarar har fått medhald i kravet, og det er så langt utbetalt 63 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 24. september 2020

To av tre erstatningssøkjarar er menn, og den største aldersgruppa er mellom 40 og 59 år. Det er fleire typar hjartesjukdom som er forseinka diagnostisert. Dei vanlegaste er hjarteinfarkt, kronisk iskemisk hjartesjukdom, angina pectoris og hjartesvikt. Hjarteinfarkt utgjer 35 prosent av sakene.

Behandlingsstad

Somatisk sjukehus står for 37 prosent av sakene, fastlegeordninga 36 prosent, medan legevakt står for 20 prosent av sakene. Medhaldsdelen varierer frå 28 prosent for fastlegeordninga til 49 prosent for legevakt. Medhaldsdelen for somatiske sjukehus er 41 prosent.

Årsak til svikt i diagnostikk

Hyppigast årsak til svikt i diagnostikk er at funn ikkje har blitt følgt opp eller at utgreiing har vore mangelfull, at akutte symptom har blitt feiltolka, at det ikkje er rekvirert undersøkingar eller at pasienten burde vore innlagd på sjukehus tidlegare.

I 36 av 98 medhaldssaker er det registrert dødsfall som følgje av forseinka diagnose. Andre følgjer kan vere forverring av hjartelidinga, hjarteinfarkt eller hjartestans med gjenoppliving.

Årsak til avslag

To tredelar av avslagssakene er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk, og at diagnosen ikkje kunne vore stilt tidlegare ut frå symptom og funn. Den siste tredelen er grunngjeven med at det ikkje er samanheng mellom diagnostiseringa og påstått skade. Det kan tyde at diagnosen burde vore stilt tidlegare, men at det ikkje har ført til ein skade.