Erstatningssaker - diagnostisering av lungekreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i halvparten av 243 erstatningssaker som gjeld forseinka diagnostikk av lungekreft?

Skriv ut Bokmål | English | 31. januar 2019

I alt 122 erstatningssøkjarar har fått medhald, og det er hittil utbetalt 37 millionar kroner i erstatning. Nærare tre av fire medhaldssaker gjeld utgreiing i spesialisthelsetenesta.

Kvifor blei diagnosen forseinka?

I 35 prosent av medhaldssakene var feiltolking av bildeundersøkingar (røntgen og CT) grunnen til svikt i diagnostiseringa. At prøvar eller undersøkingar ikkje blei rekvirerte, førte til forseinka diagnose av lungekreft i 29 prosent av sakene, medan funn som ikkje blei følgde opp/mangelfull utgreiing utgjer ein del på 19 prosent. Forlagde/oversette prøvesvar eller tilvising, kommunikasjonssvikt og manglande eller forseinka tilvising til vidare utgreiing er andre årsaker til at diagnosen blei stilt for seint.

I over 90 prosent av medhaldssakene har forseinkinga ført til dødsfall, forkorta levetid eller forverra sjukdomsprognose. Behov for meir omfattande behandling og større plager enn dei elles ville ha hatt er andre følgjer av at kreftdiagnosen ikkje blei stilt til rett tid.

Kvifor blei det ikkje medhald?

Tre av fire av dei 121 avslagssakene er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk. Utgreiinga har vore i tråd med god medisinsk praksis. Det var ikkje grunnlag for å stille diagnosen lungekreft tidlegare. I resten av avslagssakene kunne diagnosen ha vore stilt tidlegare, men forseinkinga har ikkje hatt noko å seie for type eller omfang av behandlinga, prognosen eller det endelege resultatet.