Erstatningssaker - ettergløymt utstyr

Visste du at 37 erstatningssøkjarar dei siste fem åra har fått utbetalt 4,2 millionar kroner i erstatning på grunn av ettergløymt utstyr i kroppen i samband med kirurgiske inngrep eller andre prosedyrar?

Eksempelsaker - ettergløymt utstyr

Skriv ut Bokmål | English | 14. februar 2019

Det vanlegaste er å gløyme att kompressar eller tampongar. Det er òg ein del ettergløymde metallbitar i form av klips, nåler og bitar av instrument som har vore brukte. Ei tredje gruppe er sonder, stentar og guide-wire.

Kva har ettergløymt utstyr ført til?

Den vanlegaste skaden som følgje av ettergløymt utstyr er infeksjon som så kan ha ført til antibiotikabehandling, sårrevisjonar, fleire inngrep og forlengd sjukdomsforløp. Smerter, ofte i lang tid, er ei anna vanleg følgje av ettergløymt utstyr. Ettergløymt utstyr har i nokre tilfelle òg ført til vevsskade i form av til dømes tarmperforasjon.

Kvifor blei det ikkje medhald?

24 erstatningssøkjarar har fått avslag på krav om erstatning som følgje av ettergløymt utstyr. Desse er grunngjevne med at det ikkje er påvist ettergløymt utstyr, eller at ettergløymt utstyr ikkje har ført til nokon skade eller økonomisk tap.