Erstatningssaker - fedmekirurgi

Visste du at NPE har behandla 121 fedmekirurgisaker dei siste fem åra?

Skriv ut Bokmål | English | 22. februar 2018

35 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er så langt utbetalt tolv millionar kroner i erstatning. Nesten alle medhaldssakene er grunngjevne med svikt i behandlinga.

Årsaker til svikt

Det er tre hovudårsaker til svikt i behandlinga

  • at det ikkje var grunnlag for å utføre slankeoperasjonen pga. for låg BMI (body mass index)
  • at operasjonen ikkje blei rett utført
  • at det var mangelfull oppfølging i etterkant av inngrepet

Fylgjene for pasientane har vore problem med næringsopptak, kvalme, diaré, skade på tarm, milt eller magesekk, psykiske plager og i verste fall dødsfall.

86 avslag

Det er to årsaker til at 86 erstatningssøkjarar har fått avslag. Nesten 90 prosent er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i behandlinga som har vore utført, og at plagene i form av til dømes kvalme, ernæringsproblem, smerter og tarmslyng er innanfor det ein må akseptere.

I dei siste ti prosent av avslaga er konklusjonen at det ikkje er samanheng mellom inngrepet og plagene til erstatningssøkjaren.