Erstatningssaker - føflekkreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har gitt medhald i 38 av 71 saker som gjeld diagnostisering av føflekkreft?

Eksempelsaker - føflekkreft

Skriv ut Bokmål | English | 14. mai 2019

I 35 av de 38 medhaldssakene førte forseinking i diagnostikken til alvorlege følgjer som dødsfall, forkorta levetid, eller forverra sjukdomsprognose. Til no er det utbetalt 23 millionar kroner i erstatning.

Kvifor blei ikkje diagnosen stilt til rett tid?

Den vanlegaste grunnen til at kreftdiagnosen blei forseinka, er at svar frå prøvar eller undersøkingar blei feiltolka (15 saker). Funn som ikkje blei følgt opp er den nest hyppigaste årsaka til forseinkinga, med seks saker. Prøvesvar og tilvisingar som blei forlagde eller oversette gjeld fem saker. Ei like stor gruppe saker gjeld prøvar og undersøkingar som ikkje blei rekvirerte i tide.

Dei andre sakene gjeld kommunikasjonssvikt og at pasienten anten ikkje blei tilvist vidare, eller at tilvisinga burde skjedd tidlegare.

Kvifor blei det ikkje medhald?

I 22 av dei 33 avslagssakene har det ikkje vore svikt i diagnostikk. Det vil seie at det ikkje var grunnlag for å stille kreftdiagnosen tidlegare enn det som blei gjort. I dei attståande elleve sakene har det vore ein svikt i diagnostikken, men det har ikkje hatt noko å seie for behandlinga, prognosen eller det vidare sjukdomsforløpet.