Erstatningssaker - hjerneslag

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 272 hjerneslagsaker? Over 80 prosent av medhaldssakene er grunngjevne med svikt i diagnostikk.

Eksempelsaker - hjerneslag

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2018

91 erstatningssøkjararhar fått medhald i erstatningskravet, og det er så langt utbetalt 74 millionar kroner i erstatning. Rundt 30 prosent av medhaldssakene er ikkje ferdig utrekna, og erstatningssummen vil difor bli høgare. Gjennomsnittleg utbetaling i dei ferdig utrekna sakene er 1,1 millionar kroner.

Summane varierer frå 10 000 kroner til i overkant av ni millionar.

Svikt i diagnostikk hovudårsak til medhald

Over 80 prosent av medhaldssakene er grunngjevne med svikt i diagnostikk. Hovudårsakene til svikt i diagnostikk er feiltolking av symptoma, at det ikkje blei rekvirert undersøking, at utgreiinga var mangelfull eller at pasienten skulle vore tilvist spesialisthelsetenesta tidlegare. Forseinka diagnose førte i fleire tilfelle til at det var for seint med trombolysebehandling.

Konsekvensar som følgje av svikt

Følgjene for pasientane har hovudsakleg vore hjerneskade eller forverring av hjerneskade med kognitiv svikt, motoriske utfordringar, lammingar, kommunikasjonsvanskar, synsskiplingar og redusert balanse. Sju pasientar er registrerte med dødsfall som følgje av svikt i diagnostisering eller behandling.

Tre årsaker til avslag

Det er tre årsaker til at 196 erstatningssøkjarar har fått avslag. 45 prosent er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk. I desse sakene er det konkludert med at det ikkje var grunnlag for tidlegare diagnose ut frå symptoma som låg føre. 23 prosent er grunngjevne med at det ikkje var svikt i behandlinga, og 31 prosent med at det ikkje er årsakssamanheng mellom helsehjelpa og skaden som har oppstått.