Erstatningssaker - hofteprotese

Visste du at NPE har behandla 785 saker dei siste fem åra som gjeld operasjon med innsetjing av hofteprotese?

Eksempelsaker - hofteprotese

Skriv ut Bokmål | English | 13. mars 2019

Det er 339 erstatningssøkjarar som har fått medhald. I over halvparten av desse sakene har det vore svikt i behandlinga. Hittil er det utbetalt 70 millionar kroner i erstatning.

Årsaker til medhald

Dei to hovudårsakene til svikt i behandlinga er feil behandlingsteknikk/-metode og at storleiken på protesekomponentar var feil, eller blei plasserte feil.

Ein fjerdedel har fått medhald på grunn av infeksjon i samband med operasjonen. Medhald som følgje av unntaksregelen gjeld i flesteparten av tilfella for tidleg losning av hofteprotesen.

Vanlege følgjer for erstatningssøkjarane var nedsett gangfunksjon, auka smerter, at hofta gjekk ut av ledd og behov for ny operasjon.

 

Årsaker til avslag

I 82 prosent av avslaga er grunngjevinga at det ikkje har vore svikt i behandlinga, og at plagene er innanfor det som må aksepterast.

Elleve prosent av avslaga er grunngjevne med at det ikkje er årsakssamanheng mellom behandlinga og plagene. Grunngjevinga i seks prosent av avslaga er at infeksjon som har oppstått skuldast sjukdomen eller tilstanden til erstatningssøkjaren.