Erstatningssaker - operasjonar av kneskadar

Visste du at NPE dei siste fem åra har fatta 295 vedtak som omhandlar operasjonar av kneskadar? 124 erstatningssøkjarar (42 prosent) har fått medhald, og så langt er det utbetalt 34 millionar kroner i erstatning.

Eksempelsaker - operasjonar av kneskadar

Skriv ut Bokmål | English | 14. juni 2019

Dei vanlegaste årsakene til kneoperasjonane er kroniske menisklidingar, krossbandskadar, instabilitet i kneet og fersk meniskskade.

Typiske plager etter inngrepet er smerter, nedsett funksjon i kneet, infeksjon eller nerveskade.

Medhaldssakene

Medhaldssakene er grunngjevne med at det har vore svikt i behandlinga (57 %) eller infeksjon (43 %). Ei hovudårsak til svikt i behandlinga er at operasjonen ikkje er rett utført. Eksempel på dette er feilplassering av krossband eller sener, feilplassering av borekanalar, feilplassering av skruer, skade på blodårer og skadar på nerver. Ei anna viktig årsak til svikt i behandlinga er at det ikkje var grunnlag for inngrepet pga. små funn eller at konservativ behandling ikkje var prøvd.

Avslagssakene

Det er to hovudårsaker til avslag. Anten at det ikkje har vore svikt i behandlinga, eller at det ikkje er samanheng mellom plagene og inngrepet i kneet.

Fakta om erstatningssøkjar

Det er fleire menn enn kvinner som har kravd erstatning etter kneoperasjonar. Delen menn er 61 prosent. Medhaldsdelen for menn er 46 prosent mot 35 prosent for kvinnene. Den høge medhaldsdelen for menn skuldast at infeksjonssakene i stor grad gjeld menn.

Gjennomsnittsalderen på operasjonstidspunktet er 36 år for båe kjønn.