Erstatningssaker - prostatakreft

Visste du at NPE har behandla 224 prostatakreftsaker dei siste fem åra? 81 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er utbetalt 54 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 7. november 2019

Tre av fire medhaldssaker er grunngjevne med svikt i diagnostikk etter forseinka eller feil diagnose. Berre fem av 61 diagnosesaker handlar om feil diagnose. Dei andre er forseinka diagnose.

Hovudårsaka til forseinka kreftdiagnose er mangelfull oppfølging av forhøgja PSA - anten ved tilvising til urolog, nye PSA-prøvar eller biopsi. Feil diagnose skuldast at prøvesvar er forveksla eller feiltolka.

Konsekvensar av svikt

Det er registrert redusert moglegheit for å overleve, dødsfall eller forkorta levetid i halvparten av medhaldssakene. I resten av sakene er urininkontinens og redusert seksualfunksjon dei vanlegaste følgjene.

Årsaker til avslag

Det er tre hovudgrunnar til at 143 erstatningssøkjarar har fått avslag. Flest saker er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i behandlinga. Nesten like mange er grunngjevne med at forseinka diagnose eller svikt i behandlinga ikkje har hatt konsekvensar for behandlinga eller sluttresultatet. Dei andre er grunngjevne med at det ikkje har vore svikt i diagnostikk.