Erstatningssaker - rutinesvikt

Visste du at NPE har gitt medhald i 91 saker dei siste sju åra som gjeld forseinka diagnose som følgje av rutinesvikt?

Skriv ut Bokmål | English | 5. april 2019

Så langt er det utbetalt 42 millionar kroner i erstatning i desse sakene.

Type rutinesvikt?

Typiske døme på rutinesvikt er at prøvesvar er oversette, ikkje er sende eller tekne imot, at rekvisisjonar eller tilvisingar ikkje er sende eller tekne imot, at tilrådingar ikkje er følgde opp vidare, at vevsprøvar ikkje er sende til analyse, at tilvisingar feilaktig har blitt avviste, at undersøkingar er forseinka tolka eller at det har vore tekniske problem med datasystem.

Medisinsk område og behandlingsstad

Det største medisinske området er kreftsjukdomar med 67 prosent av vedtaka. Dei tre neste gruppene er endokrinologi, nevrologi og ortopedi. Desse tre gruppene er omlag like store, og utgjer samla 22 prosent. To tredjedelar av vedtaka er knytte til spesialisthelsetenesta og ein tredjedel til primærhelsetenesta.

Konsekvensar

Den forseinka diagnosen har til dels ført til alvorlege konsekvensar. 14 prosent av pasientane er døde som følgje av forseinkinga og 35 prosent er registrerte med dårlegare prognose. For resten av erstatningssøkjarane er det vanlegvis snakk om meir utbreidd sjukdom, plager i forseinkingsperioden og meir omfattande behandling med plagene det fører med seg.