Erstatningssaker - skeiv stortå

Visste du at NPE har behandla 164 saker som omhandlar operasjon på grunn av Hallux valgus, altså skeiv stortå, dei siste fem åra?

Eksempelsaker - skeiv stortå

Skriv ut Bokmål | English | 14. desember 2018

77 erstatningssøkjarar har fått medhald i kravet sitt, og så langt er det utbetalt 19 millionar kroner i erstatning. Erstatningssøkjarane er i 85 prosent av tilfella kvinner, og gjennomsnittsalder på operasjonstidspunktet er 49 år.  

Kvifor blei det medhald?

Dei fleste, det vil seie 83 prosent, har fått medhald på grunn av svikt i behandlinga. Det er to hovudårsaker til svikt. Anten at det har blitt brukt feil behandlingsteknikk/metode eller at det ikkje var grunnlag for behandlinga. Eksempel på feil behandlingsteknikk/metode er at feilstillinga er for mykje eller lite korrigert, at skruer er for dårleg festa eller fjerna for tidleg, eller at det har blitt brukt feil operasjonsmetode ut frå storleiken på feilstillinga. At det ikkje har vore grunnlag for behandlinga er grunngjeve med at feilstillinga har vore lita og plagene har vore små, og at det ikkje er forsøkt konservativ behandling fyrst.

Dei resterande 17 prosent av medhaldssakene er grunngjevne med infeksjon som ikkje skuldast forhold ved erstatningssøkjaren eller tilstanden.

Kva har svikt i behandlinga ført til?

Som følgje av svikt i behandlinga har erstatningssøkjarane fått plager i form av smerter, nerveskade, feilstilling, nedsett gangfunksjon og trong for fleire operasjonar.

Kvifor blei det avslag?

Den hyppigaste årsaka til avslag er at det ikkje har vore svikt i behandlinga, og at plagene som har oppstått er kjende følgjer av operasjonen. Ei mindre hyppig årsak til avslag er at det ikkje er årsakssamanheng mellom inngrepet og plagene, men at desse skuldast sjølve grunnlidinga eller andre forhold.