Erstatningssaker - tjukktarmskreft

Visste du at NPE dei siste fem åra har behandla 237 tjukktarmskreftsaker?

Eksempelsaker - tjukktarmskreft

Skriv ut Bokmål | English | 22. oktober 2018

103 erstatningssøkjarar har fått medhald i erstatningskravet, og det er så langt utbetalt nesten 50 millionar kroner i erstatning i desse sakene.

Medhald

To av tre har fått medhald som følgje av svikt i diagnostikk. Dei aller fleste av desse er grunngjevne med at funn og symptom som til dømes blod i avføringa, magesmerter, anemi og fordøyingsplager ikkje har vore følgde opp med vidare utgreiing. Dei andre medhaldssakene er grunngjevne med svikt i behandlinga. Hovudårsaka til denne konklusjonen er at kirurgien eller strålebehandlinga ikkje er utført i tråd med god praksis.

Det er registrert dødsfall/kortare levetid eller prognosetap i halvparten av medhaldssakene. Meir omfattande behandling og større skadeomfang er vanlege følgjer i dei andre medhaldssakene.

Avslag

Det er tre hovudårsaker til at 135 erstatningssøkjarar har fått avslag. Grunngjevingane er at det ikkje har vore svikt i behandlinga, at det ikkje har vore svikt i diagnostiseringa eller at det ikkje er årsakssamanheng mellom behandlinga/diagnostiseringa og den påståtte skaden.