Statistikkportal for helsepersonell

Som eit tilbod til dei som jobbar i helsetenesta har vi laga ein statistikkportal for pasientskadesaker. Her finn du oppdaterte tal for sjukehuset ditt, helseføretak og regionalt helseføretak, og nøkkeltal for heile landet.

Skriv ut Bokmål | English | 23. januar 2020

Inne på portalen vil du finne nøkkeltal for heile landet, og tal for eige regionalt helseføretak på desse områda:

  • mottekne saker
  • medhald og avslag
  • utbetalingar
  • medisinsk område
  • eigendelar

Tala blir oppdaterte dagleg og kan takast ut per månad, kvartal eller for heile år, og blir vist både i tabellar og med ein grafisk presentasjon.

Korleis loggar eg meg på?
For å kome inn på statistikkportalen til NPE treng du å opprette ein brukar, slik at du får brukarnamn og passord. Kvar gong du loggar deg på, får du òg ein ny sekssiffra tryggleikskode (OTP-kode) tilsend på e-postadressa di, som du må taste inn for å logge deg på (lik det ein har på nettbankar). Som regel får du denne koden med ein gong, men det kan ta eit minutt eller to i nokre tilfelle.

Rettleiing for korleis du gjer dette, finn du i boksen "Opprette bruker og logge seg på".

Kven kan bruke portalen?
Det er berre personar som har epostadresse frå eit sjukehus, eit helseføretak eller eit regionalt helseføretak som har tilgang til statistikkportalen.

Om du har problem med å opprette ein brukar eller logge deg på, er det berre å ta kontakt med brukarstøtte i NPE. E-postadresse finn du i boksen til høgre under "kontakt oss"