Temaartiklar og faktaark

Her finn du temaartiklar og faktaark om pasientskadar innan utvalde medisinske tema. Vi har gått gjennom erstatningssaker som er ferdig behandla i NPE, og utarbeidd statistikk og eksempel som viser dei mest typiske skadane og kva som har gått gale.

Skriv ut Bokmål | English | 23. januar 2020

Lite bilde for søkeresultattreff

Ti år med privat helseteneste - tannbehandling

Frå 2009 fekk NPE ansvaret for å behandle erstatningskrav frå privat helseteneste. I løpet av åra 2009-2018 har NPE motteke totalt 5518 saker innan privat helseteneste, og det er saker knytte til tannbehandling som utgjer den største delen av saker.

Lite bilde for søkeresultattreff

Fastlegeordninga – kvar sviktar det?

Gjennomgang av vedtak i Norsk pasientskadeerstatning (NPE) frå 2012 til 2016, viser at svikt i diagnostikk er oftast årsaka til medhald, og at det fyrst og fremst er kreftsjukdomar som er forseinka diagnostisert.

Lite bilde for søkeresultattreff

Skadar etter feil liggjestilling ved operasjon

Kroniske smerter og uførleik kan bli resultatet av at pasienten er feil leira, det vil seie blir liggjande i ei uheldig stilling på operasjonsbordet.

Lite bilde for søkeresultattreff

Ettergløymt utstyr under operasjon

I perioden 2006 til 2015 har NPE behandla 121 saker som handlar om utstyr som er ettergløymt i pasienten under operasjon. Av desse har 84 pasientar fått medhald og 37 avslag.