Grensa mellom offentleg og privat helseteneste

Her kan du lese meir om kva som fell inn under offentleg og privat helseteneste. Dette skiljet er viktig for å vurdere om ein har melde- og tilskotsplikt til NPE som privat verksemd i helsetenesta.

Skriv ut Bokmål | English | 11. september 2019

Finansiering av pasientskadeordninga
Staten, regionale helseføretak, fylkeskommunar og kommunar betalar tilskot til NPE for å dekkje erstatning for pasientskadar i den offentlege helse- og omsorgstenesta.

I tillegg bidreg tilskota til drifta av NPE og Pasientskadenemnda (PSN). Verksemder som yter helsehjelp utanfor den offentlege helse- og omsorgstenesta, må betale tilskot til NPE for pasientskadar som skjer i privat helseteneste.

Kva blir rekna som offentleg helseteneste?
Staten, dei regionale helseføretaka, helseføretaka, fylkeskommunane og kommunane er en del av den offentlege helsetenesta. Helsehjelp ein gir på offentlege utdanningsinstitusjonar, er omfatta av den offentlege helsetenesta.

I tillegg er verksemder som har avtale med det offentlege om driftstilskot eller kjøp av helsetenester, omfatta av den offentlege helsetenesta.

Den delen av helsetenestene i dei private verksemdene, som det offentlege finansierer ved driftstilskot eller kjøp av helse- og omsorgstenester, høyrer òg med til den offentlege helsetenesta.

Drift utover ein slik avtale, blir rekna som privat helseteneste.

I spesielle tilfelle vil òg behandling i utlandet vere omfatta av den offentlege helsetenesta.

Fyrstehjelp som helsepersonell yter utanfor verksemda, blir òg rekna med under offentleg helseteneste.

Raskare tilbake
Helsehjelp som blir gitt i private verksemder under avtale med det offentlege som eit ledd i ordninga med å bringe sjukmelde raskare tilbake i jobb, vil vere ein del av den offentlege helsetenesta. Denne tenesta vil difor ikkje vere tilskotspliktig.

Private behandlingsstader som har avtale med Helfo om behandling ved fristbrot
Helfo har inngått avtale med enkelte private verksemder om å yte helsehjelp ved fristbrot i den offentlege helsetenesta. Slik helsehjelp som blir ytt i private verksemder, høyrer inn under den offentlege helsetenesta. Denne tenesta vil difor ikkje vere tilskotspliktig.

Grunnlaget for kva som er omfatta av den offentlege helsetenesta kan du lese meir om under regelverk.

Refusjon frå Helfo/NAV
Det at ei verksemd tek imot heilt eller delvis refusjon frå Helfo eller Nav, vil ikkj seie at den delen av verksemda blir rekna som offentleg.

Nokre eksempel på avgrensing mellom offentleg og privat helseteneste

Helsehjelp som blir gitt i Studentsamskipnaden
Helsehjelp som studentar og tilsette får frå helsepersonell i Studentsamskipnaden, er ein del av den offentlege helsetenesta. Denne verksemda er finansiert gjennom tilskot frå staten.

Fysioterapeutar med delvis driftstilskot
Delar av verksemda som blir dekt av avtale om driftstilskot, kjem inn under den offentlege helsetenesta. For den delen av verksemda som fell utanfor driftstilskotet, skal det meldast frå og betalast tilskot.

Praksisplassar i utlandet
Pasientskadelova gjeld for Noreg, og dekkjer ikkje helsepersonell som studerer og har praksisplass i utlandet.