Kosmetisk behandling

Ikkje alle typar behandling blir rekna som helsehjelp. Dette gjer at ikkje all kosmetisk behandling er omfatta av pasientskadeordninga.

Skriv ut Bokmål | English | 11. september 2019

For at saka skal falle inn under ordninga må to vilkår vere oppfylte:

  • behandlinga må vere helsehjelp
  • behandlinga må vere utført av autorisert helsepersonell, eller helsepersonell med lisens

Plastikkkirurgi
Plastikkirurgi blir alltid utført på grunnlag av medisinske vurderingar frå lege. Behandlinga kan berre utførast av kirurg med kompetanse til å utføre denne typen inngrep. Denne forma for behandling er yting av helsehjelp og blir dekt av ordninga.

Kosmetisk behandling
Når det gjeld annan kosmetisk behandling enn kirurgi, vurderer vi konkret i kvar enkelt sak om behandlinga er helsehjelp eller ikkje. Eit moment vil vere om det berre er helsepersonell som kan utføre slik behandling. Er dette tilfelle, vil behandlinga bli rekna som helsehjelp.

Om helsepersonell utfører kosmetisk behandling, som ikkje krev kompetanse som helsepersonell, vil dette normalt ikkje vere å rekne som helsehjelp. Eit eksempel kan vere ein sjukepleiar som tilbyr vanleg venleikspleie/hudpleie.

Vi vurderer skadepotensialet og om autorisert helsepersonell vanlegvis utfører behandlinga, når vi avgjer om behandlinga er helsehjelp eller ikkje.

Om nokon som ikkje er helsepersonell har utført behandlinga, vil ho uansett falle utanfor ordninga. Det er berre helsehjelp utført av helsepersonell som er dekt av pasientskadelova.

Nokre eksempel på kva som normalt er helsehjelp:

  • plastikkirurgi
  • skleroterapi
  • mesolipoterapi
  • lipolyse
  • rynkebehandling med botox eller sculptra
  • peeling med kjemiske stoff som verkar djupare ned i huda
  • laserbehandling frå styrke 3b og oppover

Nokre eksempel på kva som normalt ikkje er helsehjelp:

  • tatovering
  • behandling med Restylane, Juvederm og andre fillerar
  • peeling med relativt milde kremar og liknande
  • vanleg venleikspleie/hudpleie