Rettleidd praksis/turnus

Her finn du informasjon om meldeplikt ved rettleidd praksis

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

Med driftstilskot / løna av det offentlege

Det skal ikkje betalast tilskot for den som er i praksis eller turnus om verksemda blir driven med driftstilskot eller turnuskandidaten er løna av det offentlege.

Utan driftstilskot / ikkje løna av det offentlege

Verksemd som har helsepersonell i praksis eller turnus er ansvarleg for å melde inn og betale tilskot til NPE.

Eksempel på utrekning utan driftstilskot / kandidat ikkje løna av det offentlege:

Tid som går med til rettleiing skal ikkje meldast inn. Til dømes om ein fysioterapeut jobbar 100 prosent, men brukar 20 prosent av tida til å rettleie ein annan fysioterapeut (som òg jobbar 100 prosent), skal det samla meldast inn 1,8 årsverk - ikkje 2 årsverk.

Merk! Studentar som jobbar sjølvstendig ved sida av rettleidd praksis eller turnus, har sjølv melde- og tilskotsplikt for den delen dei yter privat helseteneste.

Medlem i ei foreining med kollektivavtale

Verksemder som har helsepersonell i rettleidd praksis eller turnus og som er medlem i ei foreining som har kollektivavtale med NPE, skal ikkje melde og betale tilskot til NPE for dette helsepersonellet. Dette helsepersonellet er dekt gjennom kollektivavtalen i foreininga.