Alternativ behandling

Her kan du lese meir om bruk av alternativ behandling for deg som fysioterapeut, og korleis det påverkar meldeplikta.

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

Pasientskadelova omfattar alternativ behandling, som blir gjort som integrert del av ordinær helseteneste. Til dømes

  • akupunkturbehandling
  • osteopati

Om det utelukkande eller i hovudsak blir drive alternativ behandling, omfattast ikkje det av pasientskadelova. Det gjeld spesielt der kompetansen som autorisert helsepersonell i liten grad blir brukt i den alternative behandlinga, og der behandlinga blir marknadsført som alternativ.

Om helsepersonellet berre, eller i vesentleg grad driv med alternativ behandling, vil NPE gjere ei konkret vurdering av om behandlinga er omfatta av ordninga. Moment ved vurderinga er mellom anna om hjelpa blir ytt ut frå den kompetansen vedkomande har som helsepersonell, om verksemda skil seg frå den typen verksemd vedkomande ordinært driv med, om verksemda er marknadsført med opplysing om helsepersonelltittel, og kva informasjon pasienten har fått om behandlinga er ordinær helsehjelp eller alternativ behandling.

NPE tek òg omsyn til om pasienten har ei forventing om at pasientskadelova gjeld.