Jobbar du både privat og offentleg?

Her finn du meir informasjon.

Skriv ut Bokmål | English | 19. februar 2020

Det offentlege betalar tilskot for all verksemd i offentleg helseteneste. Dersom du jobbar privat i tillegg til offentleg, skal du registrere og betale for den private delen.

Offentleg helseteneste

Med offentleg helseteneste meiner vi den delen av verksemda til privat tenesteytar som blir finansiert gjennom avtale med kommune om driftstilskot.

Ein fysioterapeut med 100 % driftstilskot, som jobbar ut over 36 timar, er omfatta av avtalen om driftstilskot. Det vil seie ein får refusjon for alle pasientar, og det skal ikkje meldast inn noko til NPE sjølv om ein jobbar ut over talet avtalte timar (over 36 timar).

Kommunen betalar tilskot til NPE for helsetenesta som blir definert som offentleg.

Privat helseteneste

Verksemd som blir definert som privat helseteneste er melde- og tilskotspliktig til NPE.

Om du driv kombinasjonspraksis, der du behandlar«heilprivate» pasientar, pliktar du å melde inn og betale for den heilprivate delen av verksemda til NPE. Dette gjeld fullt betalande pasientar som ikkje er omfatta av driftstilskotsavtalen, til dømes forsikringspasientar og liknande.

Verksemder som tilbyr privat helseteneste finansierer tilskotsordninga for privat helseteneste. Ordninga skal vere sjølvfinansierande.

Arbeid utover driftstilskotstida

Om verksemda driv kombinasjonspraksis og har delvis avtale om driftstilskot, skal differansen mellom stillingsprosenten og driftstilskotet registrerast. Om du eksempelvis jobbar 100 % og har 20 % avtale om driftstilskot, betalar du for 80 % av prisen for helsepersonellgruppa.

Eksempel

100 prosent stilling:

  • 20 % driftstilskot – blir registrert med 0,8 årsverk
  • 40 % driftstilskot – blir registrert med 0,6 årsverk
  •  

80 prosent stilling:

  • 20 % driftstilskot – blir registrert med 0,6 årsverk
  • 40 % driftstilskot – blir registrert med 0,4 årsverk