Risikogrupper for tannlegar

I forskrifta er helsepersonell inndelt i ulike risikogrupper. Tannlegane er delt inn i to ulike grupper, avhengig av risiko. Her kan du lese meir om inndelinga.

Skriv ut Bokmål | English | 24. mars 2017

Alle tannlegar som driv med implantat høyrer til i risikogruppe 6a, uavhengig av om dei har ei spesialisering eller om dei er allmenntannlegar. Det same gjer tannlegespesialist innan oral kirurgi og oral medisin, og tannlegespesialist innan oral protetikk. Allmenntannlegar og andre tannlegespesialistar høyrer til i gruppe 5.

Om ein tannlege jobbar innanfor båe risikogruppene, skal heile årsverket registrerast i helsepersonellgruppa med høgast risiko.

Med formuleringa «driv med implantat» meiner vi:
Alle tannlegar som utfører implantatkirurgisk og/eller implantatprotetisk behandling. Dette omfattar òg skifte av delar og/eller endring av opphaveleg konstruksjon i samband med nødvendig vedlikehald og reparasjonar.

Anna vedlikehald eller reparasjonar, som til dømes å plassere mista kvit fylling over skruehol på nytt, periimplantittbehandling og tilstramming av laus festeskrue, er ikkje å rekne som å «drive med implantat».

Risikogruppe 6a
Tannlegespesialist innan oral kirurgi/medisin og protetikk, og tannlegar som driv med implantat skal registrerast i risikogruppe 6a. I denne risikogruppa registrerer vi:

  • Tannlegar som jobbar med implantat
  • Spesialist i oral kirurgi og oral medisin
  • Spesialist i oral protetikk

Risikogruppe 5 
Andre tannlegar (inkludert andre spesialistar) skal registrerast i risikogruppe 5. I denne risikogruppa registrerer vi:

  • Spesialist i endodonti (rotbehandling)
  • Spesialist i kjeve- og ansiktsradiologi
  • Spesialist i kjeveortopedi (tannregulering)
  • Spesialist i periodonti (tannkjøtsjukdomar)
  • Spesialist i pedodonti (barnetannpleie)