Kven har meldeplikt?

Alle verksemder som yter helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal betale tilskot til NPE. Denne tilskotsordninga sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling, får den erstatninga dei har krav på.

Skriv ut Bokmål | English | 16. mars 2017

Kven har meldeplikt?
Den som er ansvarleg for ei verksemd som sysselset autorisert helsepersonell som yter helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta, skal betale tilskot til NPE.

Kva er ein sysselsett?
Med sysselsett meiner vi både helsepersonell som er tilsette, engasjerte og innleigde. Sjølvstendig næringsdrivande som jobbar ved ein klinikk, så lenge dei ikkje er økonomisk ansvarlege for verksemda, blir òg rekna som sysselsett.

Om du leiger deg inn i ei verksemd, og har økonomisk ansvar for behandlinga du gjer, er det du som skal melde inn og betale tilskot.

Reint praktisk kan det vere føremålstenleg at ein klinikk, som har mange sjølvstendig næringsdrivande som har leigd seg inn og har økonomisk ansvar, likevel melder inn og betalar tilskotet. Særleg gjeld dette der det frå utsida ser ut som at det er klinikken som driv helsetilbodet, og at det er klinikken pasienten held seg til.

Konsekvensen av ikkje å overhalde melde- og tilskottsplikta
Om ein ikkje melder inn og betalar tilskot, kan vi krevje regress frå verksemda. Denne regressen skal dekkje kostnadane knytt til saksbehandlinga og ein eventuell erstatningssum om vi får meldt ei sak. Vi vil òg krevje tilskot etterbetalt, om det er år verksemda er tilskotspliktig og ikkje har betalt tilskot. I ytste konsekvens kan det òg bli aktuelt med bøter eller fengsel.

Både privat og offentleg arbeid
Det offentlege betalar tilskot for all verksemd i offentleg helseteneste. Jobbar du privat i tillegg til offentleg, skal du registrere og betale for den private delen.

Om verksemda har delvis driftstilskot, skal differansen mellom stillingsprosenten og driftstilskotet registrerast. Til dømes om du jobbar 100 prosent og har 20 prosent driftstilskot, må du melde dette inn, og du betalar då for 80 prosent av prisen for profesjonsgruppa.

Refusjon frå Helfo/NAV
Det at ei verksemd heilt eller delvis får refusjon frå Helfo eller NAV, inneber ikkje at den delen av verksemda blir rekna som offentleg.

Rettleidd praksis
Ved rettleidd praksis vil det vere den verksemda som har helsepersonell i praksis som skal melde inn og betale tilskot. Dette vil òg gjelde der ei verksemd har helsepersonell i turnus.

Tid som går med til rettleiing skal ikkje meldast inn. Til dømes om ein fysioterapeut jobbar 100 prosent, men brukar 20 prosent av tida til å rettleie ein annan fysioterapeut (som òg jobbar 100 prosent), skal det samla meldast inn 1,8 årsverk, ikkje to årsverk.

Melde- og tilskotsplikta gjeld uansett eiga forsikring
Om du har forsikring gjennom profesjonsforeining (foreiningar med kollektivavtale hos oss er unnateke), eller har eiga norsk eller utanlandsk ansvarsforsikring, fritek ikkje dette for plikta etter pasientskadelova til å melde frå og betale tilskot.

Eksempel på kven som ikkje har meldeplikt

Vikarar
Det er den som sysselset (leiger inn) ein vikar som pliktar å melde inn og betale tilskot. Ofte vil ein vikar tre inn og jobbe i staden for den som alt er meldt inn, som ein har betalt tilskot for. Er årsverket til vikaren det same som det som blir erstatta av vikaren, treng ein ikkje melde inn på nytt. Vikaren er då alt dekt.

Helsepersonell som berre jobbar administrativt 
Verksemder som sysselset helsepersonell, men der verksemda ikkje driv med helsehjelp, er ikkje tilskotspliktig. Eksempel på dette kan vere helsepersonell tilsette i direktorat, tilsyn, forsikringsselskap, NAV, fylkeslege, osv. Helsepersonell som berre jobbar administrativt i ei verksemd som yter helsehjelp, skal ikkje meldast inn og betale tilskot.

Om ein jobbar berre dels administrativt, og resten med helsehjelp, pliktar ein å melde inn og betale fullt tilskot.

Vikarbyrå
Byrå som formidlar helsepersonell skal ikkje melde frå til oss. Meldeplikta ligg hos den verksemda som har sysselsett helsepersonellet.

Konsulent på timebasis
Det er ansvarleg for verksemda du jobbar i som har ansvaret for å melde inn alt helsepersonell som jobbar i verksemda, anten du er tilsett eller jobbar på avtalebasis.

Organisasjonar og foreiningar som berre sporadisk sørgjer for helsehjelp med små årsverksdelar
Organisasjonar og foreininger som berre sporadisk sørgjer for helsehjelp med små årsverksdelar, er ikkje tilskotspliktige. Om helsehjelpa har noko omfang, til dømes i samband med større arrangement og liknande, har ein tilskotsplikt.

Helsehjelp på fritida
Du har ikkje plikt til å melde frå eller betale tilskot for helsehjelp du yter på fritida, utanfor verksemda. Vi vil likevel kunne bli ansvarlege for fritidsskadar sjølv om ein skadevaldar ikkje er tilskotspliktig.

Jobbar berre som fastlege
Jobbar du berre som fastlege, som tilsett i kommunen, eller etter avtale med kommunen, vil du kome inn under definisjonen offentleg helseteneste, og skal ikkje melde inn verksemda di. Slik verksemd vil vere finansiert gjennom felles tilskot frå kommunen. Driv du privat verksemd attåt verksemda som er omfatta av fastlegeavtalen, skal du melde slik verksemd inn til oss.