Oppdatering

Her finn du informasjon om korleis du oppdaterer opplysingar om verksemda di. Dette gjeld både ved den årlege fornyinga, og endringar gjennom året. Fristen for den årlege oppdateringa er 1. februar.

Viktig med rett kontaktinformasjon

Hugs å oppdatere kontaktinformasjonen din hjå både Altinn og NPE.

- Adresseendring må endrast hjå Altinn

- Endringar i e-post og telefon må meldast til NPE

Skriv ut Bokmål | English | 22. august 2019

Du oppdaterer informasjon om verksemda di elektronisk via Altinn. Lenke til innmelding og retleiing finn du i boksen til høgre.

  • Faktura for den årlege fornyinga, blir send ut i starten av mars.
  • Endringsfakturaer blir sende ut etter kvart gjennom året.

Automatisk fornying

Oppføringa blir fornya automatisk, og det er berre endringar som skal meldast til NPE innan meldefristen.

Frist for å registrere endringar

Med endring meiner vi endring i:

  • kontaktopplysingar
  • talet på årsverk
  • type helsepersonell
  • organisasjonsendring

Melding om endring skal meldast elektronisk i Altinn innan 1. februar. Du finn lenker til dei aktuelle skjemaa i boksen til høgre.

Registrerte opplysingar 1. februar dannar grunnlaget for faktura for tilskotsstorleik, og for kvar fakturaen skal sendast. Om vi ikkje har rette opplysingar risikerer du å bli fakturert for meir enn du skal, eller at fakturaen ikkje kjem fram til deg. Då kan det kome gebyr i tillegg.

Endringar i kontaktinformasjon

Det er viktig at vi alltid har korrekt kontaktinformasjon til verksemda. Difor må eventuelle endringar meldast inn etter kvart.

  • Adresseendringar må meldast til Einingsregisteret. Dette gjer du ved å bruke eige Altinn-skjema, som er lenka til i boksen til høgre. NPE oppdaterer adresseinformasjon dagleg mot adressene som er registrerte i Einingsregisteret.
  • Endring av telefonnummer og e-postadresse må meldast til NPE med Altinn-skjemaet for innmelding og oppdatering. Du finn skjemaet lenka til i boksen til høgre.

Endringar i sysselsetjing i løpet av året

Det er berre vesentlege endringar i sysselsetjing som skal meldast gjennom året. Endringa må utgjere meir enn ein tredjedel av det årsverket som blei meldt inn ved starten av året. Mindre endringar skal meldast ved den årlege oppdateringa.

>Eksempel på endringar

Endring av organisasjonsform

Ved endring av organisasjonsform må verksemda registrerast på nytt og gamal registrert verksemd må meldast ut. Dette må du gjere i januar.

Om organisasjonsforma er endra i løpet av året, kan ikkje endringa meldast før januar året etter.

Ny verksemd må registrerast elektronisk, sjå informasjon i boksen til høgre. Når den nye verksemda er registrert, må du melde verksemda ut på eige skjema.

Kollektivavtalar

Om du har blitt medlem av ein bransjeorganisasjon eller profesjonsforeining som har kollektivavtale med NPE sidan førre år, skal du melde deg ut. Du er teken hand om i ordninga gjennom kollektivavtalen mellom foreninga di og NPE. Utmeldingsskjema finn du i boksen øvst til høgre i artikkelen.

Her kan du sjå kva foreiningar som har kollektivavtalar og lese meir om avtalen.