Oppstart av privat helsetjeneste i andre halvår

Her finn du ei oversikt over kva du treng å gjere ved innmelding for 2. halvår.

Skriv ut Bokmål | English | 12. juli 2021

Ved oppstart 2. halvår, etter 1. juli, betalar du halvt tilskot.
Innmelding skal sendast seinast ei veke etter at verksemda byrjar å yte helsehjelp.

Korleis rekne ut talet på årsverk

Det er den gjennomsnittlege sysselsetjinga gjennom kalenderåret for verksemda som skal meldast inn. Normalt skal ein sysselsett i 100 prosent stilling registrerast med 1,0 årsverk om ein jobbar heile kalenderåret.

Her følgjer nokre eksempel som viser korleis du reknar ut årsverk ved oppstart 2. halvår.

Eksempel 1: oppstart 1. juli i 100 % stilling

Om du planlegg å jobbe i 100 prosent stilling gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 6 av 12 månader for 2021: ((6 mnd. / 12 mnd.) * 100 % stilling)) = 0,5 årsverk

 

Eksempel 2: Oppstart 1. juli i 50 % stilling

Om du planlegg å jobbe i 50 prosent stilling, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 6 av 12 månader for 2021: ((6 mnd. / 12 mnd.) * 50 % stilling)) = 0,25 årsverk

 

Eksempel 3: Oppstart 1. oktober i 100 % stilling

Om du planlegg å jobbe i 100 prosent stilling, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 3 av 12 månader for 2021: ((3 mnd. / 12 mnd.) * 100 % stilling)) = 0,25 årsverk

 

Eksempel 4: Oppstart 1. oktober i 50 % stilling

Hvis du planlegger å jobbe i 50 prosent stilling, gjer du registreringa på følgjande måte:

Jobbar 3 av 12 måneder for 2021: ((3 mnd. / 12 mnd.) * 50 % stilling)) = 0,13 årsverk

Årsverket som er meldt inneverande år må oppdaterast neste år, slik at det gjeld for heile kalenderåret. Dette må gjerast innan den årlege meldefristen 1. februar.

Du melder deg inn ved å gå til Altinn.

Er du usikker på kor mykje du skal jobbe?

Om du ikkje veit kor mykje du kjem til å jobbe, må du estimere dette så godt du kan. Start gjerne lågt og oppdater så raskt du veit meir om kor mykje du kjem til å jobbe.