Innmelding

Her finn du informasjon om korleis du melder inn opplysingar om verksemda di.

Innmelding 2. halvår

Ved oppstart 2. halvår blir det halvt tilskot fyrste året. Dette kan praktisk gjerast ved å melde inn halvparten av årsverket.

Kort om faktura frå NPE

Faktura blir sendt ut ca. ei veke etter at du har registrert verksemda di. Tilskotssummen blir rekna ut frå registrert helsepersonellgruppe og årsverk.

Faktura blir sendt i utgangspunktet i posten. Difor er det viktig at verksemda er registrert med korrekt postadresse i Einingsregisteret. Vi tilrår at du registrerer postadressa i tillegg til forretningsadressa.

NPE tilbyr EHF-faktura (elektronisk handelsformat).

>Les meir om faktura

Skriv ut Bokmål | English | 20. august 2019

Du registrerer informasjon om verksemda di elektronisk via Altinn. Lenke til skjema for registreringa og brukarrettleiing, finn du i boksen til høgre.

  • Innmelding skal sendast seinast éi veke etter at verksemda byrjar å yte helsehjelp.
  • Faktura blir sendt ut utan opphald gjennom året.

Kollektivavtalar

Om du er medlem av ein bransjeorganisasjon eller profesjonsforeining som har kollektivavtale med NPE, skal du ikkje registrere deg.

Fristar for registrering

Innmelding skal sendast seinast éi veke etter at verksemda byrjar å yte helsehjelp.

  • Oppstart 1. halvår: fullt tilskot
  • Oppstart 2. halvår: halvt tilskot fyrste året. Dette kan gjerast praktisk ved å melde inn halvparten av årsverket. Hugs å oppdatere neste år.

Kontaktinformasjonen din

Det er viktig at vi alltid har korrekt kontaktinformasjon til verksemda. Difor må eventuelle endringar meldast inn etter kvart.

  • Adresseendringar må meldast til Einingsregisteret. Endringar i Einingsregisteret gjer du ved å bruke eige Altinn-skjema (samordna registermelding), som er lenka til i boksen øvst til høgre. NPE oppdaterer adresseinformasjon dagleg mot adressene som er registrerte i Einingsregisteret.

Etterregistrering 

Om verksemda skulle ha vore registrert tidlegare, kan du etterregistrere for åra 2009-2018. Då må du kontakte oss skriftleg, anten per post eller på e-post.

Krav om organisasjonsnummer

Tilskotsordninga er verksemdsbasert og ikkje individuell. Difor må ein ha eit organisasjonsnummer for å kunne registrere verksemda i portalen på nettsidene til NPE. Om ein driv verksemd utan å ha organisasjonsnummer, kan ein registrere seg gratis i Einingsregisteret i Brønnøysund. Dette kan gjerast via Altinn, eller ein kan be om å bli registrert ved å sende melding per post. Ein vil då få tildelt eit eige organisasjonsnummer.